Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugen, Marie
dc.date.accessioned2020-08-10T09:19:06Z
dc.date.available2020-08-10T09:19:06Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671301
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap, fordjuping i matematikk, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractFysisk aktiv læring (FAL) er og har blitt eit meir dagsaktuelt tema i skulekvardagen. Formålet med denne studien er å sjå på korleis lærarar utviklar seg i møte med bruk av FAL som undervisningsmetode i matematikk. Målet med studien er å undersøkje korleis lærarar på barneskulen brukar FAL i matematikkundervisning, der hensikta er å bidra til meir kunnskap kring temaet. Det teoretiske rammeverket som blir brukt i studien har eit sosiokulturelt perspektiv, med utgangspunkt i Valsiner (1997) sin soneteori. Det blir lagt vekt på kva som kjenneteiknar sonene, og via eit lærarperspektiv blir det sett på kva som påverkar lærarar sin utviklingsprosess. Det er tre aspekt ved læraren si utvikling som blir utdjupa i denne studien, og følgjande problemstilling ligg til grunn: Korleis brukar og forstår matematikklærarar FAL i undervisninga, og kva er grunngjevinga for vala dei gjer? For å kunne svare på dette spørsmålet er det blitt gjort både intervju og observasjon av lærarar på tre barneskular frå 1-10 klasse. Studien er ein kvalitativ studie av ni lærarar og ein rektor. Satsingsområdet på dei tre skulane er FAL og bakgrunnen for val av lærarar er at dei har teke ei vidareutdanning på 15 studiepoeng i FAL. Studien viser at lærarane sin praksis er påverka av deira oppfatning og verdigrunnlag, kunnskap og ferdigheiter, og kva dei ser som mest ønska for læringsutbyttet for elevane. Lærarane er positive til å prøve ut FAL i undervisninga og funn viser at når lærarane opplev at undervisninga har positiv effekt på elevane, motiverer det dei til å drive det vidare. Ei raus forståing av omgrepet legg hindringar for lærarane si utvikling. Hovudargumentet for å ta i bruk FAL er at elevane har det kjekt, og dei opplev glede i undervisninga. Studien forsøker å gje svar på korleis lærarar brukar og forstår omgrepet FAL og korleis dei grunngjev og responderer på ei ny tilnærming til undervisning. Avslutningsvis blir det diskutert kva som fremmar og hindrar lærarane sin utviklingsprosess ved bruk av FAL i matematikk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleFysisk aktiv læring i matematikkundervisningaen_US
dc.title.alternativePhysically active learning in mathematics educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber96en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal