Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorValsvik, Kristoffer
dc.date.accessioned2020-08-10T07:37:47Z
dc.date.available2020-08-10T07:37:47Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671259
dc.descriptionM120UND509-1 19H-Masteroppgave, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractTidlegare forsking som viser at fysisk aktivitet har positive innverknader på barn si helse og læring, har medført eit auka fokus på å integrere fysisk aktivitet i skulen. Skulen disponerer seg som ein stad der det ligg til rette for å drive fysisk aktivitet, og lærarar vert slik naturlege komponentar for å implementere aktivitet i skulen. Det er eit etablert syn at mange elevar strevar med matematikkfaget. Premiss prega av stillesitjing, teoretisk undervisning og abstrakte omgrep, skapar rom for å konkretisere matematikk gjennom å nytte fysisk aktivitet. På bakgrunn av dette skal noverande studie sjå nærare på matematikklærarar som har gjennomført vidareutdanning frå Senter for fysisk aktiv læring. Vidareutdanninga har til hensikt å gi lærarar kompetanse i fysisk aktiv læring, som er ei naturleg integrering av fysisk aktivitet med fagleg innhald. Formålet med studien er å undersøke kva som kjenneteiknar utfordringar med bruk av fysisk aktiv læring i matematikkundervisning. For å belyse dette vil det vere adekvat å undersøke kva som påverkar læraren sine val om å ta i bruk fysisk aktiv læring, i tillegg til å sjå på kva som kjenneteiknar utviklingsprosessane til dei som ikkje får fysisk aktiv læring til å fungere i matematikkundervisninga. Tre intervju med lærarar som har gjennomført vidareutdanning vart inkludert basert på inklusjons- og eksklusjonskriterier, i tillegg til éin rektor. Observasjon med påfølgjande semistrukturert intervju blei gjennomført på den aktuelle skule, som også hadde fysisk aktivitet og sunn livsstil som satsingsområde. Deduktiv metode vart nytta, med Valsiner sin soneteori (1997) som rammeverk for analysen. Hovudfunna frå studien indikerer at utfordringar oppstår der fysisk aktivitet vert primæraktør i undervisninga, i staden for ein nødvendig faktor for å drive læring matematikk. Lærarane sine didaktiske refleksjonar kring kva FAL kan bidra med i matematikkundervisninga bør i større grad ligge til grunn for valet av å nytte FAL som metode. Større grad av lærarinvolvering i implementeringsprossessen av FAL kan ha betyding for opplevinga av FAL som relevant for sin praksis i matematikk. Forsking på fysisk aktiv læring i matematikk har kort tradisjon i fagfeltet, og nye studiar på emnet kan danne basis for interessante implikasjonar i skulekvardagen. Avgrensingar ved noverande studie, samt implikasjonar for vidare forsking vert diskutert.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleFysisk aktiv læring i matematikkundervisningen_US
dc.title.alternativePhysically active learning in mathematics educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber107en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal