Døden i moderne ungdomslitteratur: Ei nærlesing av to romanar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671258Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ifølgje forskarar og kritiarar av barne- og ungdomslitterauren er tematiseringa av død ei trend innan moderne ungdomslitteratur. Kravet for å innngå i trenden er følgjeleg at bøkene må vera relativt nye, og sjølvsagt tematisera død. Det er elles vanskeleg å lesa ut ein konkret
karakteristikk av han. Med utgangspunkt i to bøker som representerer trenden har oppgåva hatt som formål finna ut kva som konkret kan kjenneteikna han. Problemstillinga eg har undersøkt er: Korleis vert døden tematisert i to realistiske samtidsromanar for ungdom? Korleis kjem tematikken til utrrykk i romanane?
For å svara på denne har eg gjort ei nærlesing av bøkene Så vakker du er (2013) av Brynjulf Jung Tjønn og Engel i snøen (2016) av Anders Totland. Bøkene inngår i trenden då dei er samtidslitterære ungdomsromanar som tematiserer døden. Målet med undersøkinga har for det fyrste vore å bidraga med nærlesingane av dei to bøkene då det har mangla i forskinga. Nærlesinga har vist at døden vil løfta fram svært forskjellige og komplekse dødstematikkar. Dette til tross for at bøkene kan seiast å ha det same motivet, då dei begge handlar om personar som er dødssjuke med kreft og dermed snart skal dø. Tematikkane kjem til uttrykk i romanane i både via innhald og form.
Med utgangspunkt i bøkene, har eg også undersøkt om trenden inneber noko nytt, eller om det snarare er snakk om ein vidareføring av tradisjonar som gjeld litterære framstillingar av død og dødstematikk. Om trenden har det vorte påstatt at representerer noko nytt ved at
bøkene som inngår i han, avsluttar mørke og uavklarte. Mi nærlesing utfordrar denne påstanden. Det kan i større grad seias at bøkene er ei vidareføring av den litterære framstillinga av død og dødstematikk frå 60-70-talet. Bøkene løftar likevel fram noko nytt ved at dødstematikkane i bøkene no i større grad løftar fram eit formfokus.
Samla sett fungerer nærlesingane mine som ein ytterlegare karakteristikk av trenden. Felles for begge bøkene er at sjølve dødsfallet inntreff i slutten av boka, men at døden likevel inntreff livet før denne dødsaugneblinken. Denne vissa om døden løftar fleire dødstematikkar, blant dødssjukdommens innverknad, kva som skjer når ein døyr, og tydinga av dei gode relasjonane i møtet med døden. Desse karakteristikkane som eg framstiller her, må ikkje sjåast som uttømmande karakteristikkar. Dette er forslag på kjenneteikn som kan undersøkast vidare. Døden er kopleks, så å laga ein definitiv karakteristikk av han, er umogleg. Det same gjeld tematikkar som døden løfter fram.
Beskrivelse
Master i undervisningsvitskap med norsk fordjuping, Campus Bergen