Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSva, Marte
dc.contributor.authorHjortland, Julie
dc.coverage.spatialFørde, Vestlanden_US
dc.date.accessioned2020-08-06T10:15:49Z
dc.date.available2020-08-06T10:15:49Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671063
dc.description.abstractTittel Motivasjon til meir fysisk aktivitet hjå pasientar med depresjon. Bakgrunn for val av tema Det er mange som opplever ein eller anna form for depresjon i løpet av livet. Depresjon er ein vanleg psykisk liding og den rammar over 300 millionar menneske i verda (WHO, 2018). Det er eit omdiskutert tema, og det er høgaktuelt i dagens samfunn. Grunna dette og våre eigne interesser for fagfeltet så er det eit viktig tema, som me har lyst å finne ut meir om. Me har også sett frå eigen praksis betydinga av fysisk aktivitet hjå denne pasientgruppa. Problemstilling Korleis kan sjukepleiar motivere pasientar med depresjon til meir fysisk aktivitet? Metode Det er nytta litteraturstudie som metode for denne oppgåva. Oppgåva er basert på forskingsartiklar, fagstoff og pensumlitteratur. Det er også trekt inn opplevingar og erfaringar frå eigen praksis. Oppsummering I oppgåva har ein gjennom bruk av forskingsartiklar og faglitteratur funne at fysisk aktivitet har ein god effekt, både førebyggande og behandlande, på depresjon. Det kjem fram at det er viktig med god støtte frå sjukepleiarar når det kjem til å auke motivasjonen til fysisk aktivitet for pasientane. Ein må ha ein god dialog med pasienten, slik at pasientens ønskjer blir ivaretatt. Pasientens empowerment står sentralt. Det kjem også fram at det å formidle kunnskap og informasjon om positive verknadar av fysisk aktivitet er motiverande for pasientane. Motiverande samtalar har vist seg å vere nyttig for sjukepleiar i arbeid med å skape motivasjon hjå pasienten, samt å hjelpe pasienten til ei endring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectDepresjon,en_US
dc.subjectfysisk aktivitet,en_US
dc.subjectmotivasjonen_US
dc.titleMotivasjon til meir fysisk aktivitet hjå pasientar med depresjon.en_US
dc.title.alternativeMotivation to more physical activity in patients with depression.en_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700en_US
dc.source.pagenumber30en_US
dc.description.localcodeSK152en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel