Motivasjon til meir fysisk aktivitet hjå pasientar med depresjon.
Abstract
Tittel
Motivasjon til meir fysisk aktivitet hjå pasientar med depresjon.
Bakgrunn for val av tema
Det er mange som opplever ein eller anna form for depresjon i løpet av livet. Depresjon er ein vanleg psykisk liding og den rammar over 300 millionar menneske i verda (WHO, 2018). Det er eit omdiskutert tema, og det er høgaktuelt i dagens samfunn. Grunna dette og våre eigne interesser for fagfeltet så er det eit viktig tema, som me har lyst å finne ut meir om. Me har også sett frå eigen praksis betydinga av fysisk aktivitet hjå denne pasientgruppa.
Problemstilling
Korleis kan sjukepleiar motivere pasientar med depresjon til meir fysisk aktivitet?
Metode
Det er nytta litteraturstudie som metode for denne oppgåva. Oppgåva er basert på forskingsartiklar, fagstoff og pensumlitteratur. Det er også trekt inn opplevingar og erfaringar frå eigen praksis.
Oppsummering
I oppgåva har ein gjennom bruk av forskingsartiklar og faglitteratur funne at fysisk aktivitet har ein god effekt, både førebyggande og behandlande, på depresjon. Det kjem fram at det er viktig med god støtte frå sjukepleiarar når det kjem til å auke motivasjonen til fysisk aktivitet for pasientane. Ein må ha ein god dialog med pasienten, slik at pasientens ønskjer blir ivaretatt. Pasientens empowerment står sentralt. Det kjem også fram at det å formidle kunnskap og informasjon om positive verknadar av fysisk aktivitet er motiverande for pasientane. Motiverande samtalar har vist seg å vere nyttig for sjukepleiar i arbeid med å skape motivasjon hjå pasienten, samt å hjelpe pasienten til ei endring.