Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaukanes, Linda
dc.date.accessioned2020-07-07T12:05:30Z
dc.date.available2020-07-07T12:05:30Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660976
dc.descriptionMasteroppgave i klinisk fysioterapi, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractBakgrunn. Svimmelheit er eit vanleg problem hos vaksne. Hos dei fleste går svimmelheita over etter kort tid, medan den vert vedvarande hos andre. Personar som er svimle over tid kan utvikla ein redsel for å røra seg. Dette kan føra til muskelskjelettsmerter. Balansen kan også bli nedsett hos pasientar med langvarig svimmelheit. Ulike studiar har vist ein samanheng mellom auka grad av muskelskjelettsmerter og nedsett balanse i ulike pasientgrupper. Men, så vidt me veit er det ikkje gjort noko forsking på samanhengen mellom muskelskjelettfunksjon og balanse hos pasientar med langvarig svimmelheit. Balanse er viktig for å oppretthalda sjølvstendigheit i dagleglivet, og ettersom svimmelheit og nedsett balanse kan føra til fall og nedsett funksjon, er det å undersøkja eventuelle faktorar som kan påverka balansen hos pasientar med langvarig svimmelheit viktig. Føremål. Føremålet med denne studien er å undersøkja om det er ein samanheng mellom muskelskjelettfunksjon og balanse hos pasientar med langvarig svimmelheit. Metode. Studien har eit tverrsnittdesign. Det vart gjennomført analysar med 105 polikliniske pasientar. Fysiske funksjonstestar vart nytta for å undersøkja kroppsleg fleksibilitet, gripestyrke og gangfart. Eit sjølvrapportert spørjeskjema vart nytta til å undersøkja muskelskjelettsmerter. Balanse vart undersøkt ved hjelp av ei balanseplattform. For å skildra bakgrunnsinformasjonen som kjønn og alder, vart det nytta deskriptiv statistikk. Variansanalysemodellar vart nytta for å undersøkja gruppeskilnadar mellom kjønn og aldersgrupper med omsyn til avhengige variablar. Samanhengane mellom muskelskjelettfunksjon og balanse vart testa ved hjelp av lineære regresjonsmodellar. Resultat. På fast underlag var auka postural svai med opne auge assosiert med auka grad av muskelskjelettsmerter. Mindre postural svai på fast underlag med opne og lukka auge var assosiert med nedsett kroppsleg fleksibilitet. På skumpute var auka postural svai med opne auge assosiert med nedsett rask gangfart. I tillegg var auka postural svai på skumpute med lukka auge assosiert med nedsett gripestyrke. Konklusjon. Funna frå studien tyder på at det er ein svak samanheng mellom muskelskjelettfunksjon og balanse hos pasientar med langvarig svimmelheit.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSamanhengen mellom muskelskjelettfunksjon og balanse hos pasientar med langvarig svimmelheit – Ein tverrsnittstudieen_US
dc.title.alternativeThe association between musculoskeletal function and balance in patients with long-lasting dizziness – A crosssectional studyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAFYS602en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal