Råd for restaurering av to naturtype-lokalitetar i Tynjadalen, Lærdal
Abstract
Notatet inneheld råd for restaurering av to naturtypelokalitetar i Tynjadalen, Lærdal kommune, i samband med etablering av røyrgate i Tynjadalen kraftverk.
Kort samanfatta rår vi til at ein avgrensar inngrepa mest mogleg og unngår å skade kulturminne og store gamle tre. Køyring, sprenging av stor stein og andre inngrep må haldast på eit minimum.
Toppjord må skiljast frå undergrunnsmassar og lagrast i låge ranker i kortast mogleg tid, slik at frø og plantar overlever og spirer raskt i dei restaurerte områda. Toppjorda skal leggast tilbake på toppen, over undergrunnsmassane. Det er viktig at toppjorda ikkje blir komprimert, men vert lagt tynt og «luftig» utover. Det skal ikkje tilførast jord eller frø utanfrå.
Overskot av undergrunnsmassane må køyrast vekk, resten kan mellombels lagrast lokalt.
Sluttarronderinga må gjerast slik at ein i størst mogleg grad attskaper den opphavlege topografien. Massane må leggast tilbake litt ujamt rundt og på gata så ho skil seg minst mogleg frå terrenget rundt. Fotodokumentasjon kan vere ei god støtte til dette.
Description
Skriftserien ved Høgskulen på Vestlandet, HVL-notat