Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTryti, Morten Andrè
dc.date.accessioned2019-11-20T11:56:19Z
dc.date.available2019-11-20T11:56:19Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2629493
dc.descriptionMasteroppgave i idrettsvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndalnb_NO
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva er å utforske korleis eit vidaregåande utdanningsprogram med friluftslivsprofil har innverknad på elevane sitt friluftsliv i ettertid. Bakgrunn for val av tema er eiga interesse og at det er forska lite på friluftsliv i vidaregåande skulen og minimalt om elevar som har gått utdanningsprogram med friluftslivsprofil. Friluftsliv i skulen er eit ikkje ferdig forstått fenomen. Utdanningsprogrammet med friluftslivsprofil har fire målområde som er gjennomgåande i oppgåva; aktivitet, naturkjennskap, sosialisering og vegleiarrolla. Teoriperspektivet tar utgangspunkt i dei fire målområda i utdanningsprogrammet for å avklare og forstå dei, samt drøfte kva tidlegare kunnskap kan fortelje om kvart målområde. Problemstilling i oppgåva er korleis uttrykker tidlegare elevar at vidaregåande utdanningsprogram med friluftslivsprofil har hatt innverknad på deira friluftsliv fram til i dag? Undersøkinga tar for seg tidlegare elevar og programansvarlege på eitt utdanningsprogram med friluftslivsprofil på éin vidaregåande skule. Metodetilnærminga er fleirmetodisk med kvalitative intervju av tre med programansvarlege og kvantitativt spørjeskjema blant tidlegare elevar. Primærdata for å svare på problemstillinga var det kvantitative materialet, medan det kvalitative materiale var sekundærdata nytta i drøftinga og for å få ei djupare forståing av utdanningsprogrammet. Resultata i undersøkinga viser at tidlegare elevar rapporterer å vere aktive i mange ulike friluftslivsaktivitetar etter utdanningsprogrammet. Respondentane, dei tidlegare elevane, vurderte seg sjølv i dag som frå nøytrale til stor grad miljømedvitne. Resultata viste at naturopplevingar hadde mest innverknad på respondentane sitt forhold til friluftsliv og natur og miljøvern, noko som er støtte av tidlegare studiar. Resultat viser vidare at skulen var det forhold respondentane uttrykte hadde mest innverknad på deira aktivitetsvanar innan friluftsliv opp til 19 år. Deretter kjem forhold som far, mor og venner og/eller kjennskap, i likskap med funn i tidlegare studiar. Resultat indikerer at utdanningsprogrammet har hatt ein vesentleg innverknad på respondentane engasjement i friluftsliv i dag, dette i likskap med funn i nokre tidlegare studiar. Andre studiar meiner friluftsliv i skulen har liten innverknad. Det var få respondentar som hadde arrangert turar for ulike grupper etter utdanninga. Fleire respondentar hadde gjennomført eitt eller fleire kurs-, men det var derimot få som hadde drevet- eller driv eigen bedrift innan friluftsliv. Nokre få respondentar hadde vore eller er trenar, instruktør, i idrettslag eller organisasjon der dei fekk nytta ferdigheiter og kompetanse innan friluftsliv. Studiet seier ingenting kvifor ein har vert meir eller mindre aktiv i friluftsliv. Med utgangspunkt i analysen av dei fire målområda har studiet vist at tidlegare elevar uttrykker at friluftslivsprofilen i utdanningsprogrammet har hatt innverknad på deira friluftsliv i dag. Studiet kan ikkje seie noko ut over deira rapportering om det er utdanningsprogrammet som er grunnen til deira aktivitetsnivå eller forhold til friluftsliv.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectfriluftsliv i skulennb_NO
dc.subjectvidaregåande skulenb_NO
dc.subjectnaturbruknb_NO
dc.subjectfriluftslivnb_NO
dc.titleHar friluftsliv i vidaregåande opplæring innverknad på framtidig friluftslivsengasjement? Ei kartlegging blant elevar som har gått på eit utdanningsprogram med friluftslivsprofil .nb_NO
dc.title.alternativeDo outdoor education in high school have an influence on future engagement in friluftsliv and outdoor recreation? A mapping among students that have followed a high school program with an outdoor education.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeID3-355nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal