Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBreistig, Sigrund
dc.contributor.authorHuser, Benny
dc.date.accessioned2019-10-11T10:58:40Z
dc.date.available2019-10-11T10:58:40Z
dc.date.created2019-10-06T18:32:08Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationBreistig, S., & Huser, B. (2019). Helsepersonell som kjelde til trøyst ved tilbakevendande eggstokkreft. Sykepleien Forskning, 14.nb_NO
dc.identifier.issn1890-2936
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2621576
dc.description.abstractBakgrunn: Kvinner med residiverande eggstokkreft lever eit liv med mykje eksistensiell liding. Det finst lite konkret kunnskap om kva sjukepleiaren som møter kvinnene, kan gjere for å lindre den eksistensielle lidinga. Føremål: Føremålet med denne studien er å finne kva som kan gi trøyst for kvinner med residiverande eggstokkreft, og kva sjukepleiaren kan gjere for å trøyste. Metode: Metoden som er nytta, er ein kvalitativ metode med hermeneutisk tekstanalyse. Studien er basert på djupneintervju med fem kvinner, etter at dei har skrive dagbok i tre veker. Resultat: Fire hovudtema som gav trøyst, var framtidshåp, å bli kjend att, ektefølt nærvær og å beskytte seg sjølv. Sterkast av alt var framtidshåpet, håpet om å få leve lenger, bli frisk og framleis bety noko for andre. Å bli kjend att handlar om det å bli sett og hugsa av helsepersonell og at livet har ein verdi. Ektefølt nærvær er helsepersonell og medmenneske som gir trøyst ved å vere ekte og ærlege, på godt og vondt. Å beskytte seg sjølv er ein meistringsstrategi der ein unngår andre sjuke som kan minne ein om kor alvorleg sjukdommen er. Konklusjon: Gjennom dagbokskriving og djupneintervju har kvinner med residiverande eggstokkreft fortalt ope og reflektert om kva som gir dei trøyst. Funna viser at den medmenneskelege relasjonen er avgjerande for at ein skal finne meining og verdi i livet. Studien gir implikasjonar for praksis: Pasientar kjenner seg trygge når personellet på avdelingane kjenner dei igjen. Kunnskapen om rolla ein spelar som helsepersonell, at ein er ekte og ærleg, og at ein har kunnskap om korleis ein kommuniserer, betyr mykje. Den du er som sjukepleiar, kan gi trøyst. Framtidige studiar bør sjå nærare på eksistensiell trøyst og korleis ein kan arbeide med dette i sjukepleiarutdanninga.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk Sykepleierforbundnb_NO
dc.subjecteksistensiell omsorgnb_NO
dc.subjecttrøstnb_NO
dc.subjecthåpnb_NO
dc.subjecteggstokkreftnb_NO
dc.subjectfenomenologisk hermeneutikknb_NO
dc.titleHelsepersonell som kjelde til trøyst ved tilbakevendande eggstokkreftnb_NO
dc.typeJournal articlenb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Sykepleievitenskap: 808nb_NO
dc.source.volume14nb_NO
dc.source.journalSykepleien Forskningnb_NO
dc.identifier.doi10.4220/Sykepleienf.2019.78182
dc.identifier.cristin1734243
cristin.unitcode203,0,0,0
cristin.unitnameHøgskulen på Vestlandet
cristin.ispublishedtrue
cristin.qualitycode1


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel