Helsepersonell som kjelde til trøyst ved tilbakevendande eggstokkreft
Journal article, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2621576Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3577]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2721]
Originalversjon
Breistig, S., & Huser, B. (2019). Helsepersonell som kjelde til trøyst ved tilbakevendande eggstokkreft. Sykepleien Forskning, 14. 10.4220/Sykepleienf.2019.78182Sammendrag
Bakgrunn: Kvinner med residiverande eggstokkreft lever eit liv med mykje eksistensiell liding. Det finst lite konkret kunnskap om kva sjukepleiaren som møter kvinnene, kan gjere for å lindre den eksistensielle lidinga. Føremål: Føremålet med denne studien er å finne kva som kan gi trøyst for kvinner med residiverande eggstokkreft, og kva sjukepleiaren kan gjere for å trøyste. Metode: Metoden som er nytta, er ein kvalitativ metode med hermeneutisk tekstanalyse. Studien er basert på djupneintervju med fem kvinner, etter at dei har skrive dagbok i tre veker. Resultat: Fire hovudtema som gav trøyst, var framtidshåp, å bli kjend att, ektefølt nærvær og å beskytte seg sjølv. Sterkast av alt var framtidshåpet, håpet om å få leve lenger, bli frisk og framleis bety noko for andre. Å bli kjend att handlar om det å bli sett og hugsa av helsepersonell og at livet har ein verdi. Ektefølt nærvær er helsepersonell og medmenneske som gir trøyst ved å vere ekte og ærlege, på godt og vondt. Å beskytte seg sjølv er ein meistringsstrategi der ein unngår andre sjuke som kan minne ein om kor alvorleg sjukdommen er. Konklusjon: Gjennom dagbokskriving og djupneintervju har kvinner med residiverande eggstokkreft fortalt ope og reflektert om kva som gir dei trøyst. Funna viser at den medmenneskelege relasjonen er avgjerande for at ein skal finne meining og verdi i livet. Studien gir implikasjonar for praksis: Pasientar kjenner seg trygge når personellet på avdelingane kjenner dei igjen. Kunnskapen om rolla ein spelar som helsepersonell, at ein er ekte og ærleg, og at ein har kunnskap om korleis ein kommuniserer, betyr mykje. Den du er som sjukepleiar, kan gi trøyst. Framtidige studiar bør sjå nærare på eksistensiell trøyst og korleis ein kan arbeide med dette i sjukepleiarutdanninga.