Tett på kompetansenettverk Ein kvalitativ studie av organisering, leiing og idegrunnlag for kompetansenettverk
Abstract
Samandrag
Tett på kompetansenettverk er ein kvalitativ studie av organisering, leiing og idegrunnlag for kompetansenettverk der 12 aktørar knytt til tre ulike kompetansenettverk er intervjua for å få meir kunnskap om korleis desse nettverka blir organisert og leia, og kva forståingar og idegrunnlag som finst mellom aktørane. Alle nettverka i studien min er knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen. Hovudfunn i studien kan summerast i fem punkt:
1) Kompetansenettverka har klare teikn på både hierarkiske styringsprinsipp og nettverksprinsipp. 2) Det er ei forståing av at det er ei endring i styring frå sentrale styresmakter til lokal skulemynde. 3) Rektor blir oppfatta som sentral aktør for kompetanseutvikling, men er likevel i mindre grad involvert i kompetansenettverket, der skuleeigar framstår som den leiande part, og lærarprofesjonen ser på seg sjølv som pådrivar og støttespelar. 4) Det er ei endring på gang i relasjonen mellom universitet/høgskule (UH) og skulesektoren frå bestillar-leverandør til utviklingspartnar, sjølv om UH framleis blir oppfatta som kunnskapsleverandør, og det er heller stor avstand mellom lærarutdanning og praksisfeltet. 5) Tillit, likeverd og tid er sentrale faktorar for å lukkast med kompetanseutviklinga der partnarane må vera tett på slik at kompetanseutviklinga skjer innanfelles rammer og mål. Det er i møta og samhandlinga mellom aktørane funksjonane og rollene deira blir definert, utfordra og redefinert. Denne prosessen kan føra til institusjonell innovasjon eller sagt med andre ord; føra til endring i det profesjonelle læringsfellesskapet.
Description
MR691 Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap – Institutt for samfunnsvitskap 14.06.2019