Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStafsnes, Liv
dc.date.accessioned2019-08-18T22:16:38Z
dc.date.available2019-08-18T22:16:38Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2608876
dc.descriptionLiv Stafsnes Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap 14.06.09nb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har tittelen: Kommunale psykososiale kriseteam – tilfeldige eller godt planlagde tenester? Problemstillinga mi er: Korleis opplever deltakarar i kommunale psykososiale kriseteam dei organisatoriske rammene for arbeidet og korleis opplever deltakarane seg ivaretekne i etterkant av hendingar? Forskingsspørsmåla dreiar seg om kva som kjenneteiknar kriseteamarbeidet, kva faktorar som fremmer eller hemmar arbeidsvilkår og samarbeid i kriseteam, samt kva oppfølging frå leiar deltakarane har behov for i etterkant av aktivering, både på kort og lang sikt. Forskingsdesignet er ein teoriinformert kvalitativ studie med fokusgruppeintervju av kriseteam i fire små og mellomstore kommunar i Sogn og Fjordane. Vitskapsteoretisk grunnlag for studien er eit sosialkonstruktivistisk perspektiv med bruk av hermeneutikk og den hermeneutiske sirkel i analyseprosessen. Teorigrunnlag er transformasjonsleiing, utvikling og samarbeid i team, samt litteratur om samstyring, integrasjon og differensiering. Funn i studien viser at kriseteamarbeidet kan karakteriserast som uføresette krisehendingar med påfølgande behov for samarbeid med ulike aktørar i svært varierande kontekstar. Tidsaspektet og høge forventningar frå omgjevnadane forsterkar krav til innhald og utforming av denne kommunale tenesta. Omtale av kriseteamarbeid i media vert av informantane opplevd å forsterke forventningane. Deltakarane har ikkje formell beredskap men kan aktiverast kor tid som helst året rundt. Studien synleggjer at deltakarar i kommunale kriseteam tek stort personleg ansvar for beredskap og organisering av kriseteamarbeidet. Informantane opplever ansvaret høgre i sårbare periodar som høgtider og ferier, ut frå mindre tilgang på fagfolk som kan aktiverast. Fremmande faktorar for kriseteamdeltaking er klar ansvarsfordeling, struktur og planar for arbeidet og eit støttande og trygt fellesskap i kriseteamet, saman med ein aktivt deltakande leiar som tek ansvar for administrering og koordinering av kriseteamarbeidet i den akutte fasa. Behov for oppfølging frå leiar i etterkant av aktivering på kort og lang sikt er møtepunkt før, ring for å bygge tillit og samhald med kvarandre i teamet og kunne snakke saman kring utfordrande opplevingar. Anna viktig behov denne studien syner er samordning av kriseteamarbeidet i høve eigen ordinære arbeidsplass og arbeidsoppgåver med moglegheit for tilrettelegging og restitusjon etter krevjande arbeidsperiodar. Dette er særleg viktig når aktivering for kriseteamarbeid kjem hyppig.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKommunale psykososiale kriseteam – tilfeldige eller godt planlagde tenester?nb_NO
dc.title.alternativePsychosocial crises teams in municipals – random or well planned services?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMR691nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal