Kommunale psykososiale kriseteam – tilfeldige eller godt planlagde tenester?
Abstract
Denne masteroppgåva har tittelen: Kommunale psykososiale kriseteam – tilfeldige eller godt planlagde tenester? Problemstillinga mi er: Korleis opplever deltakarar i kommunale psykososiale kriseteam dei organisatoriske rammene for arbeidet og korleis opplever deltakarane seg ivaretekne i etterkant av hendingar? Forskingsspørsmåla dreiar seg om kva som kjenneteiknar kriseteamarbeidet, kva faktorar som fremmer eller hemmar arbeidsvilkår og samarbeid i kriseteam, samt kva oppfølging frå leiar deltakarane har behov for i etterkant av aktivering, både på kort og lang sikt.
Forskingsdesignet er ein teoriinformert kvalitativ studie med fokusgruppeintervju av kriseteam i fire små og mellomstore kommunar i Sogn og Fjordane. Vitskapsteoretisk grunnlag for studien er eit sosialkonstruktivistisk perspektiv med bruk av hermeneutikk og den hermeneutiske sirkel i analyseprosessen. Teorigrunnlag er transformasjonsleiing, utvikling og samarbeid i team, samt litteratur om samstyring, integrasjon og differensiering.
Funn i studien viser at kriseteamarbeidet kan karakteriserast som uføresette krisehendingar med påfølgande behov for samarbeid med ulike aktørar i svært varierande kontekstar. Tidsaspektet og høge forventningar frå omgjevnadane forsterkar krav til innhald og utforming av denne kommunale tenesta. Omtale av kriseteamarbeid i media vert av informantane opplevd å forsterke forventningane. Deltakarane har ikkje formell beredskap men kan aktiverast kor tid som helst året rundt. Studien synleggjer at deltakarar i kommunale kriseteam tek stort personleg ansvar for beredskap og organisering av kriseteamarbeidet. Informantane opplever ansvaret høgre i sårbare periodar som høgtider og ferier, ut frå mindre tilgang på fagfolk som kan aktiverast.
Fremmande faktorar for kriseteamdeltaking er klar ansvarsfordeling, struktur og planar for arbeidet og eit støttande og trygt fellesskap i kriseteamet, saman med ein aktivt deltakande leiar som tek ansvar for administrering og koordinering av kriseteamarbeidet i den akutte fasa. Behov for oppfølging frå leiar i etterkant av aktivering på kort og lang sikt er møtepunkt før, ring for å bygge tillit og samhald med kvarandre i teamet og kunne snakke saman kring utfordrande opplevingar. Anna viktig behov denne studien syner er samordning av kriseteamarbeidet i høve eigen ordinære arbeidsplass og arbeidsoppgåver med moglegheit for tilrettelegging og restitusjon etter krevjande arbeidsperiodar. Dette er særleg viktig når aktivering for kriseteamarbeid kjem hyppig.
Description
Liv Stafsnes Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap 14.06.09