Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLund, Ole Henrik
dc.date.accessioned2019-06-19T07:12:59Z
dc.date.available2019-06-19T07:12:59Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2601271
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Innleveringsdato: 15. mai 2019nb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker kva førestillingar om liv og livs verdi som kjem til uttrykk gjennom forhandlingar som oppstår mellom menneske og hybride livsformer i teikneserien Amuletten av Kazu Kibuishi. Oppgåva har eit miljøbevisst grunnlag og ynskjer å setje fokus på korleis ulike skapningar på jorda lid som følgje av menneskets utnytting av miljøet. Det overordna målet med denne oppgåva er å finne ut korleis Amuletten meiner mennesket skal leve med andre ikkje-menneskelege vesen. Derfor er oppgåva tufta på økokritisk teori som blir definert som undersøkingar av forholdet mellom litteratur og det fysiske miljøet (Glotfelty, 1996, s. xviii). I økokritikken står forholdet mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege sentralt (Garrard, 2012, s. 5). I arbeidet med ikkjemenneskelege karakterar vil også posthumanistiske perspektiv vere viktig. Den litterære analysen tek utgangspunkt i omgrepa kameratskap på tvers av artar og kontaktsone av Donna F. Haraway (2008, s. 16, 226). Kameratskap på tvers av artar blir brukt om ein relasjon mellom ulike artar der det har blitt opparbeida ein gjensidig respekt for kvarandre. Kontaktsona er møtestaden der forhandlingane om eit kameratskap skjer. Tre kontaktsoner er blitt lokalisert ved hjelp av aktantmodellen, utarbeida av Algirdas J. Greimas. Emily inngår i forhandlingar med tre ulike hjelparar som representerer ulike deler av verda, den teknologiske, floraen og faunaen. Forhandlingane i kontaktsonene vil ein kunne videre kople opp mot førestillingar om liv og livs verdi i Amuletten. Avslutningsvis vil eg sjå resultata av analysen i lys av NatCul-matrisa (Goga et al., 2018, s. 12) for å kople det opp mot den verkelege verda. Funna viser ulike førestillingar om liv og livs verdi. På eit overordna plan der det blir fokusert på spørsmål om overlegenheit samst spørsmål kring subjektivitet og objektivitet. I Amuletten må ein ta høgde for at det eksisterer ein helt som er ein litterær konstruksjon som står høgt i forteljinga. Heltinna Emily blir presentert som overlegen og for dei ikkjemenneskelege livsformene er dette sentralt og pregar forhandlingane. Då er det interessant korleis mennesket aktiv bryt ned denne konstruksjonen. I lys av oppdraget forhandlar Emily fram ein tanke om at alle er like viktig for saka og at dei må stole på kvarandre. Emily stiller ikkje spørsmål ved deira eksistens, men etablerer dei som liv med eigen subjektivitet. Emily ser ikkje på seg sjølv som overlegen, men som ein del av noko større. Sidan Amuletten-serien ikkje er ferdig, er det vanskeleg å trekke konklusjonar. Likevel er det blitt gjort tydeleg at den menneskelege eininga i kontaktsonene feirar sine følgjesvener og inviterer til eit breiare syn på liv og livs verdi.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSnakkar du til meg?: Ein økokritisk studie av forhandlingar om ulike livsformers verdi i teikneserien Amuletten av Kazu Kibuishinb_NO
dc.title.alternativeAre you talking to me?: An Ecocritical Study of Negotiations on the Values of Different Life Forms in the Comic Series Amulet by Kazu Kibuishinb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber109nb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal