Lege- og sjukepleiestudentar sine opplevingar av tverrprofesjonell samarbeidslæring i spesialisthelsetenesta: ein kvalitativ studie
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3713]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2894]
Original version
Andersen, I. A., Bærheim, A. & Hovland, G. (2017). Lege- og sjukepleiestudentar sine opplevingar av tverrprofesjonell samarbeidslæring i spesialisthelsetenesta: ein kvalitativ studie. Uniped, 40, 361-373. 10.18261/issn.1893-8981Abstract
Lege- og sjukepleiestudentar i praksis ved Førde Sentralsjukehus jobbar i tverrprofesjonelle team. Studentane planlegg og gjennomfører utgreiing, pleie og behandling for ein pasient med uklar/ kompleks tilstand, og er under rettleiing av ansvarleg sjukepleiar og lege.
Analyse av tre fokusgruppeintervju med studentar synte at tverrprofesjonell samarbeidslæring kan medverke til at studentar oppfattar kvarandre som likeverdige partnarar og at dei utfyller kvarandre i arbeidet med pasienten. Sjølv om studentane har ulik historie og akademisk fortid, opplevde dei ikkje ulikheit i maktforholdet i teamet. Dei jobba sjølvstendig og fekk ansvar, noko som gav dei ei oppleving av meistring. Dei følte seg også tryggare på den andre profesjonen sine oppgåver.
Førdemodellen kan vere ein aktuell organisering av tverrprofesjonell praksis for andre område i helse- og sosialtenesta.