Haustingsskog [revidert] - Rettleiar for restaurering og skjøtsel
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2586557Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3581]
- Institutt for miljø- og naturvitskap [528]
Originalversjon
Garnås, I., Hauge, L. & Svalheim, E. (2018). Haustingsskog [revidert] - Rettleiar for restaurering og skjøtsel (NIBIO Rapport 4/150).Sammendrag
Haustingsskog er lauvskog der trea har blitt eller framleis blir hausta regelmessig i form av «styving» eller «stubbehausting». Dette er gamle driftsformer, som har vore vanlege over heile landet. Haustingsskogane representerer både biologiske og kulturhistoriske verdiar. Dei er viktige leveområde for mange artar, også fleire trua artar i Norge. Norske haustingsskogar er mellom dei nordlegaste i verda, og Norge er av dei få landa i Europa som framleis har slike skogar skapt av ei lang historie med tradisjonelt haustingsjordbruk. I 2011 utforma Direktoratet for naturforvaltning eit faggrunnlag for haustingsskog med tanke på å få på plass ein handlingsplan for naturtypen. Sidan da har ei rekke haustingsskogar og andre naturtypar med styvingstre blitt fylgt opp gjennom Miljødirektoratet si ordning for truga naturtypar. Etter fleire år med oppfylging er det kome til mykje kunnskap og røynsler knytt til restaurering og skjøtsel. Miljødirektoratet hadde eit ynskje om å samanstille den kunnskapen som no finst om ivaretaking av haustingsskogar og styvingstre i Norge i ein praktisk rettleiar til dagleg bruk. I denne NIBIO-rapporten er det gjort ei slik sammenstilling.