Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNatterøy, Cathrine Selsvold
dc.date.accessioned2019-02-19T08:47:16Z
dc.date.available2019-02-19T08:47:16Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2586104
dc.description.abstractHensikt: Hensikta i denne studien var å skaffa meir kunnskap om omsorgskommunikasjonen, ved å belysa korleis ein gjennom metaforane i omsorgskommunikasjonen kan forstå og lindra liding. Studien skal vera med å bidra til å gje ein breiare forståing av språkbruk, symbolikk og tankegong hjå pasientane, slik at ein som omsorgsgjevar skal vera tryggare og betre rusta til å møta pasienten i omsorgsgjevande kommunikasjon. Studien ser også på korleis lidinga kjem til uttrykk, og korleis metaforisk uttrykk og tankegong kan bidra til å lindra liding. Teoretisk forankring: Studien er forankra i helse- og omsorgsvitskap, som byggjer på Eriksson sin caritativ omsorgsteori. Metode: Denne studien er ein kvalitativ metasyntese. Det er utført omfattande og systematiske litteratursøk, relevante studiar vart identifisert gjennom sjekklister, spesielle kriterier og kvalitetsvurderingar. Det resulterte til slutt i at ni primærstudiar vart inkludert i syntesen. Resultat: Metasyntesen identifiserte tre hovudfunn; 1) Den uuthaldelege lidinga, 2) Lindring og 3) Meiningsskapande i fellesskap. Resultatet visa at pasientane uttrykker seg nesten utelukkande med eit metaforisk språk, og det er gjennom å forstå det språket ein kan skjøna kva dei eigentleg meinar. Gjennom å tolka språket til pasienten og dei metaforiske konsepta som vert nytta, kan ein klara å forstå den uuthaldelege lidinga, som gjerne kan ligga skjult. Ein kan nytta metaforisk språk for å bidra til lindring av liding, då metaforisk uttrykk og tankegong ofte er lett å overføra til andre, kjenna seg att i og relatera seg til. Gjennom språket til pasienten ser ein at dei søker medlidande og søker eit fellesskap i liding si.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleMetaforar i omsorgskommunikasjonen: Ei kvalitativ metasyntesenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeHELS-OPPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal