Metaforar i omsorgskommunikasjonen: Ei kvalitativ metasyntese
Abstract
Hensikt: Hensikta i denne studien var å skaffa meir kunnskap om omsorgskommunikasjonen, ved å belysa korleis ein gjennom metaforane i omsorgskommunikasjonen kan forstå og lindra liding. Studien skal vera med å bidra til å gje ein breiare forståing av språkbruk, symbolikk og tankegong hjå pasientane, slik at ein som omsorgsgjevar skal vera tryggare og betre rusta til å møta pasienten i omsorgsgjevande kommunikasjon. Studien ser også på korleis lidinga kjem til uttrykk, og korleis metaforisk uttrykk og tankegong kan bidra til å lindra liding.
Teoretisk forankring: Studien er forankra i helse- og omsorgsvitskap, som byggjer på Eriksson sin caritativ omsorgsteori.
Metode: Denne studien er ein kvalitativ metasyntese. Det er utført omfattande og systematiske litteratursøk, relevante studiar vart identifisert gjennom sjekklister, spesielle kriterier og kvalitetsvurderingar. Det resulterte til slutt i at ni primærstudiar vart inkludert i syntesen.
Resultat: Metasyntesen identifiserte tre hovudfunn; 1) Den uuthaldelege lidinga, 2) Lindring og 3) Meiningsskapande i fellesskap. Resultatet visa at pasientane uttrykker seg nesten utelukkande med eit metaforisk språk, og det er gjennom å forstå det språket ein kan skjøna kva dei eigentleg meinar. Gjennom å tolka språket til pasienten og dei metaforiske konsepta som vert nytta, kan ein klara å forstå den uuthaldelege lidinga, som gjerne kan ligga skjult. Ein kan nytta metaforisk språk for å bidra til lindring av liding, då metaforisk uttrykk og tankegong ofte er lett å overføra til andre, kjenna seg att i og relatera seg til. Gjennom språket til pasienten ser ein at dei søker medlidande og søker eit fellesskap i liding si.