Kroppsvask i sjukepleia
Doctoral thesis
Published version
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2579522Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3621]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2823]
Originalversjon
Boge, J. (2008). Kroppsvask i sjukepleia (Doktoravhandling). Universitetet i Bergen.Sammendrag
Då moderne sjukepleie oppstod i siste halvdel av 1800-talet, var det vanleg at helsepersonell argumenterte for kroppsvask ved hjelp av ulike hygieneteoriar. Etter 1960 har sjukepleiefaget også argumentert for kroppsvask ved hjelp av behovsteori. Den franske filosofen Michel Foucault argumenterte for at samankoplinga mellom ulike teoriar og kroppslege praksisar har vore brukt som disiplineringsverktøy i moderne industrisamfunn. Med denne argumentasjonen som bakteppe, er det gjennomført analyser av tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleia og hygiene- og behovsteori. Studien er basert på norske lærebøker i sjukepleie frå 1877-1911, 1967 og 2004, - på Eilert Sundt sin studie Om renligheds-stellet i Norge frå 1869 og - på observasjonar og intervju av pleietrengjande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006. Studien viser at normer for lukt, utsjånad og kroppsleg samkvem på den eine sida, og utnytting av pleiarane si tid på den andre sida, ser ut for å vera viktigare ved kroppsvask i sjukepleia enn omtanken for hygiene og pleietrengjande sine behov. Dette tyder ikkje at praksisane treng vera mangelfulle eller dårlege, men studien utfordrar argumentasjonen for at undervising og praksis i sjukepleia skal vere kunnskaps-/evidensbasert, og den understøttar Foucault sin argumentasjon for at samankoplinga av teoriar og kroppslege praksisar kan ha vore brukt som disiplineringsverktøy. Kroppsvask i sjukepleia. PhD/Monografi