Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSjøstrøm Tveita, Ørjan
dc.date.accessioned2018-12-04T08:32:23Z
dc.date.available2018-12-04T08:32:23Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2575898
dc.descriptionMasteroppgave i barne- og ungdomslitteraturnb_NO
dc.description.abstractDen enigmatiske og velkjende Roald Dahl-karakteren Willy Wonka har gleda lesarar og publikum i fleire tiår. Karakteren vart først introdusert i Charlie and the Chocolate Factory (Dahl, 1964), og har sidan vore mogleg å sjå på både teaterscener og i filmar. Historia om Charlie og ferda hans gjennom sjokoladefabrikken inneheld fleire særeigne og attkjennelege karakterar, men det er ofte likevel Willy Wonka som står att som den mest interessante og tvitydige karakteren. Boka til Dahl har vorte filmatisert to gongar, Willy Wonka & the Chocolate Factory (Stuart, 1971) og Charlie and the Chocolate Factory (Burton, 2005). Det er desse to filmatiseringane denne oppgåva fokuserer på. Oppgåva ser på dei to filmatiske framstillingane av karakteren Willy Wonka med utgangspunkt i filmteori, adaptasjonsteori og narrativ teori. I lys av desse tre teoriområda analyserer oppgåva korleis dei to Willy Wonka-karakterane er framstilte, og på kva måtar desse filmatiske framstillingane viser at karakteren gjennomgår ein katarsis. Funna i oppgåva tilseier at Wonka er ein karakter som går gjennom ein reinseprosess, ein katarsis. Oppgåva etablerer at Wonka har vorte påført eit traume som har etterlete han med negative kjensler han føler eit sterkt behov for å reinse seg for. Ferda gjennom fabrikken står som eit bilete på denne prosessen, og delar av følgjet som har funne gullbillettane representerer kjenslene han vil reinse seg for. Gjennom å kvitte seg med ein etter ein i følgjet, står Wonka att med Charlie, den ‘gode’, og prosessen er fullenda. Dette funnet gjeld i begge dei to filmatiske framstillingane av Wonka. Dei to Wonka-karakterane skil seg frå kvarandre når det kjem til opphavet til dei negative kjenslene: I Willy Wonka & the Chocolate Factory (Stuart, 1971) har Wonka ein klar antagonist i karakteren Slugworth, medan Charlie and the Chocolate Factory (Burton, 2005) viser at Wonka har hatt ein vanskeleg barndom. Oppgåva viser vidare at begge Wonka-karakterane framstiller seg sjølve som upålitelege, og korkje dei andre filmatiske karakterane eller sjåarar av filmen, veit kvar dei har den tvitydige karakteren. Begge dei to er ‘runde’ karakterar som er i utvikling og som er i stand til å overraske. Wonka-framstillinga frå 1971 skil seg frå Wonka-framstillinga frå 2005 ved å verke meir menneskeleg, varm og genuin. Wonka i filmen frå 2005 viser trekk som står i kontrast til denne framstillinga og syner seg som meir plastisk og uekte.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleWonkatarsis - ein analyse av Willy Wonka som filmatisk karakternb_NO
dc.title.alternativeWonkatarsis - an analysis of Willy Wonka as a cinematic characternb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal