Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlmeland Tveit, Ingeborg
dc.date.accessioned2018-12-04T08:24:23Z
dc.date.available2018-12-04T08:24:23Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2575894
dc.descriptionMasteroppgave i barne- og ungdomslitteraturnb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis syskenrelasjonar i den samansette familien blir framstilt i barnelitteraturen. Endringar som skjer i familiar i samfunnet i dag, fører mellom anna til at born kan oppleve å få fleire ulike sysken i familien sin. Forskinga ser på korleis ulike syskenforhold vert skildra i barnelitteratur frå samtida, og tek utgangspunkt i tre bøker: Fly, Thea! Fly! (2015) av Bente Bratlund, Motorsykkelmysteriet (2014) av Magnhild Bruheim og En bror for mye (2016) av Linde Hagerup. Bøkene skildrar ulike typar syskenforhold som stesysken, fostersysken, adoptivsysken og biologiske sysken, og korleis ein kan oppleve å få nye sysken i heimen, samt flytte inn i ein ny familie. For å kunne studere syskenrelasjonane tek eg utgangspunkt i dialogane og språket til karakterane. Med forankring i Mikhail Bakhtin (1984) sin teori om mikrodialog og polyfonisk litteratur, vert det forska på korleis syskenrelasjonane kjem til syne gjennom karakterane sine indre og ytre dialogar, altså interne samtalar med seg sjølv og samtalar med andre. Vidare blir språket i desse dialogane undersøkt. Her med støtte i Stanley Cavell (1979) sin teori om daglegspråk, som hevdar at språket viser kriterium for kva verdiar ein ser på som viktige. Ved å sjå på språket i bruk, blir det forska på om karakterane deler den same forståinga av forskjellige familie- og syskenomgrep, eller om det oppstår forhandling om einingsinnhaldet i dei. Funna viser at alle karakterane drøftar og lyftar fram aktuelle problemstillingar dei opplever kring syskena sine, i sin indre dialog. Dei indre drøftingane består av samtalar der deira eigne og syskena sine ytringar vert vurderte. Karakterane finn gode samtalepartnar i seg sjølv, då på ulike måtar. Funna i studien viser også at karakterane har forskjellige kriterium til ulike syskenomgrep. Tre av fire protagonistar vektar det genetiske for kven ein kan kalle for sysken, medan ein karakter grunngjev sysken ut frå sosiale forhold. Karakterane brukar og språket for å skilje slektskapen mellom dei, mellom anna med «stesysken» og «fosterborn». Karakterane går så inn i forhandling om ulike syskenomgrep. Vidare viser resultata at i situasjonar der språket ikkje strekk til, syner karakterane vilje til konflikthandtering og eit indre ynskje om å betre syskenforholda gjennom andre løysingar og evne. Bøkene i tekstutvalet, og forholda skildra i dei, har ein struktur som går frå at syskena opplever utfordringar i starten, til at dei til slutt finn ein harmoni som fungerer godt for dei.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSyskenrelasjonar i barnelitteratur Ein studie av syskenforhold i den samansette familienb_NO
dc.title.alternativeSibling relations in children literature A study of sibling relationship in the complex familynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal