dc.contributor.author | Haugane, Anne-Merete Vabø | |
dc.date.accessioned | 2018-12-03T07:53:44Z | |
dc.date.available | 2018-12-03T07:53:44Z | |
dc.date.issued | 2018 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2575699 | |
dc.description | Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Institutt for samfunnsvitskap Oktober, 2018 | nb_NO |
dc.description.abstract | Temaet for oppgåva er knytt til om det administrative nivået innan kommunal skuledrift kan ha noko å seie for elevane sine læringsresultat. Mykje forsking viser at det er slike samanhengar knytt til lærarane si tyding for læringsresultata. I løpet av dei siste 10 åra har det framkomme av forsking at det også er samanhengar mellom korleis kommunal skuleleiing
(rektor og leiarteam) skjøttar oppgåvene sine og elevane sine læringsresultat. I den same perioden er omgrepet lokal skuleeigar nytta meir og meir i nasjonale styringsdokument.
Oppgåva nyttar teori om ulike styringslogikkar som forklaringskjelder i arbeidet med å sjå etter mønster og samanhengar mellom den målte læringa i ein kommune og kjenneteikna ved kommunal, administrativ skuleleiing i den same kommunen.
Forskinga søkjer å gjere ein kvalitativ studie av mest like system- design. Ulike case er vald ut frå resultat på den avhengige variabelen. Slik har målet vore å sjå etter om det er system/ mønster i likskapar og ulikskapar mellom case med ulike og like verdiar. Fire elles mest mogleg like kommunar er intervjua på lærar-, rektor og kommunal, administrativt skuleleiarnivå.
Studien viser at visse mønstermiksar ser ut til å best kunne skape organisasjonsutvikling og profesjonsutvikling som igjen skapar gode læringsresultat. Kommunal, administrativ skuleleiing er truleg ein viktig premiss-leverandøren for kva logikkar som spelar i lag og korleis dette blir lagt til rette for. Dette kan mellom anna ha tyding for korleis til dømes digitaliseringsprosessar i skulesektor best kan innrettast for å sikre kvalitet. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | nb_NO |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Saman om læring? | nb_NO |
dc.title.alternative | Together about learning? | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 144 | nb_NO |
dc.description.localcode | MR691 1 MA 2018 | nb_NO |