Saman om læring?
Abstract
Temaet for oppgåva er knytt til om det administrative nivået innan kommunal skuledrift kan ha noko å seie for elevane sine læringsresultat. Mykje forsking viser at det er slike samanhengar knytt til lærarane si tyding for læringsresultata. I løpet av dei siste 10 åra har det framkomme av forsking at det også er samanhengar mellom korleis kommunal skuleleiing
(rektor og leiarteam) skjøttar oppgåvene sine og elevane sine læringsresultat. I den same perioden er omgrepet lokal skuleeigar nytta meir og meir i nasjonale styringsdokument.
Oppgåva nyttar teori om ulike styringslogikkar som forklaringskjelder i arbeidet med å sjå etter mønster og samanhengar mellom den målte læringa i ein kommune og kjenneteikna ved kommunal, administrativ skuleleiing i den same kommunen.
Forskinga søkjer å gjere ein kvalitativ studie av mest like system- design. Ulike case er vald ut frå resultat på den avhengige variabelen. Slik har målet vore å sjå etter om det er system/ mønster i likskapar og ulikskapar mellom case med ulike og like verdiar. Fire elles mest mogleg like kommunar er intervjua på lærar-, rektor og kommunal, administrativt skuleleiarnivå.
Studien viser at visse mønstermiksar ser ut til å best kunne skape organisasjonsutvikling og profesjonsutvikling som igjen skapar gode læringsresultat. Kommunal, administrativ skuleleiing er truleg ein viktig premiss-leverandøren for kva logikkar som spelar i lag og korleis dette blir lagt til rette for. Dette kan mellom anna ha tyding for korleis til dømes digitaliseringsprosessar i skulesektor best kan innrettast for å sikre kvalitet.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Institutt for samfunnsvitskap Oktober, 2018