Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKristiansen, Siri
dc.date.accessioned2018-11-29T10:10:29Z
dc.date.available2018-11-29T10:10:29Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2575435
dc.descriptionMasteroppgave i barne- og ungdomslitteraturnb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker kva eit utval norsklærarar på 10.trinn i nynorske kommunar legg vekt på når dei vel ut litteratur til undervisning. Å gjere litteraturutval for ei gruppe vil vere ein prosess der litteraturlæraren må ta omsyn til fleire ting. Målet med avhandlinga er å finne ut kva lærarar vektlegg når dei vel ut litteratur til bruk i undervisning, og om dei legg vekt på målform. Både kvalitativ og kvantitativ metode er brukt for å samle inn data. Forskinga baserer seg på tre intervju, to med norsklærarar på 10.trinn og eit med skulebibliotekar. I tillegg er det nytta spørjeundersøking, med 15 lærarar og fem skulebibliotekarar. I undersøkinga av lærarar går spørsmåla på kva grad dei fokuserer på å velje nynorsk litteratur, kva dei vektlegg når dei gjer utval, samt kvar dei finn fram til litteraturen. Det blir også diskutert om det er noko samarbeid med skulebibliotek knytt til utvala. Andre moment som pregar litteraturvala blir også diskutert, mellom anna utvalet av nynorsk skjønnlitteratur, læreplanen, læraren si rolle og skulebiblioteka. Det blir også presentert ein del moment som kan vere vesentleg når ein gjer utval for ei elevgruppe, mellom anna kva som kan fenge ungdomslesaren og kva litteratur som bør brukast i skulen. Funna syner at målform ikkje er eit kriterium når lærarane vel ut litteratur til undervisninga, sjølv om dei arbeider på skular med nynorsk som hovudmål. Dei fleste seier at dei brukar litteratur både på nynorsk og bokmål i undervisninga, men at andre kriterium går føre målform. Lærarane meiner det er viktigare at litteraturen skal fenge elevane, og gje gode lesaropplevingar. Sjølv om dei fleste lærarane set fleire andre kriterium før målform når dei gjer utval, har dei fleste likevel eit ynskje om å bruke nynorsk litteratur. Fleire av lærarane meiner samstundes at det fins for lite nynorsk skjønnlitteratur for si målgruppe. Lærarane brukar mange kjelder for å finne fram til litteraturen dei vel ut. Læreboka synest å vere viktig for dei fleste, noko som synleggjer det store og viktige ansvaret læreverka kan ha når det gjeld litteratur som blir brukt i undervisning. I tillegg brukar også mange av lærarane skulebibliotek eller folkebibliotek for å finne litteratur, både på nynorsk og generelt. Mange brukar også kollegiet for å gjere seg kjend med litteratur.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleVal av nynorsk skjønnlitteratur på 10.trinnnb_NO
dc.title.alternativeChoosing Norwegian Nynorsk fiction for 10th gradenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal