Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolvang, Ove Lønning
dc.date.accessioned2018-09-21T07:02:40Z
dc.date.available2018-09-21T07:02:40Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2563780
dc.descriptionMaster idrettsvitskap Idrett/Høgskulen på Vestlandet- Sogndal/Norges Idrettshøgskule Innleveringsdato: 30.05.2018nb_NO
dc.description.abstractStudiedesign: Systematisk oversikt Bakgrunn: Korsryggsmerter er eit av det største helseproblema i den vestlege verden. Det er motstridande funn i den evidensbaserte litteraturen på behandling og det er fortsatt usikkert kva slags behandling som gjer best effekt. Studiar har vist at treningsbehandling generelt viser ein moderat effekt på det å redusere smerte og forbetre funksjon på personar med kroniske korsryggssmerter. Ulike treningsbehandlingar har vore spesifikk styrketrening, uthalds trening, koordinasjonstrening, mobilitets og tøyeøvingar, der spesifikk styrketrening har vist størst effekt. I det siste tiåret har bruken av spesifikk styrketrening auka, men effekten er framleis ikkje undersøkt tilstrekkeleg. Derfor er det viktig å finne meir ut av evidensen på effekten av spesifikk styrketrening og dei ulike programma, slik at det kan brukast trygt for personar med kroniske korsryggsmertar. Hensikt: Systematisk gjennomgang av litteraturen for å sjå på effekten av spesifikk styrketrening av kroniske korsryggsmerter samanlikna med kontrollbehandling. Metode: Det var gjort eit systematisk søk i databasane Cochrane Central Register of Controlled Trials (Cochrane Library), Medline og EMBASE. Studiedesign som blei inkludert i studien var randomiserte kontrollstudie (RCT). Det blei inkludert intervensjonar med spesifikk styrketrening som behandling på uspesfikke kroniske korsryggsmerter. Spesifikk styrketrening blir samanlikna med kontrollbehandling. Kontroll/samanlikningsgrupper har ulike formar for behandling som fysioterapi, manualterapi, kiropraktor, medikamentell behandling, vegleiing, eller placebo. Utfallsmåla som blei sett på var smerte og funksjon. Denne systematiske oversikten fylgjer retningslinjene til «Cochrane Back and Neck Group». Resultat: Det blei inkludert sju studiar i denne systematiske oversikten. Det var variasjon i utval, intervensjon/samanlikningsgrupper og risiko for bias i dei inkluderte studiane. Forma for den spesifikk styrketreninga var dynamisk styrkestrening og kjernestabilitetstrening. I tre studie blei det funne signifikant betring av smerte og funksjon mellom spesifikk styrketrening og kontrollbehandling. Dei fire andre studiane viste ikkje signifikante forskjellar mellom spesifikk styrketrening og kontrollbehandling og det var variasjon i effektsstørrelse. Konklusjon: Resultatet i denne systematiske oversikta viste at både dynamisk styrketrening og kjernestabilitetstrening hadde ein effekt på å redusere smerte og forbetre funksjon for personar med kroniske korsryggsmerter. På den andre sida viste også ulik kontrollbehandling ein effekt på smerte og funksjonsnivå til den same pasientgruppa. På grunn av variasjon og liten forskjell i effektstørrelse i dei inkluderte studiane må ein vere forsiktig med å tolke resultatet for sikkert. Derfor er evidensgrunnlaget på spesifikk styrketrening på kroniske korsryggsmerter fortsatt uklart og det trengst meir forsking på området for å gje spesifikke anbefalingar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEffekten av spesifikk styrketrening som behandling av kroniske korsryggsmerter samanlikna med kontrollbehandling: ein systematisk oversiktnb_NO
dc.title.alternativeThe effect of specific strength training as treatment of chronic low back pain compared with control treatment: a systematic overviewnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber64nb_NO
dc.description.localcodeID3-335 MAnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal