dc.contributor.author | Røneid, Trond | |
dc.date.accessioned | 2018-08-15T07:01:35Z | |
dc.date.available | 2018-08-15T07:01:35Z | |
dc.date.issued | 2018-05 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2557961 | |
dc.description | Masteroppgåve i Climate Change Management (Planlegging for klimaendringar) Institutt for miljø- og naturvitskap, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap GE4-304 | nb_NO |
dc.description.abstract | I Noreg er historia til vasskrafta lang og innhaldsrik. Etter over 100 år med tradisjonar står vasskrafta fortsatt sterkt i landet og det er fortsatt mange utbyggingar spreidd over heile landet. Småkrafta har hatt størst utvikling dei siste 20 åra etter tiår med store vasskraftutbyggingar og ikkje minst ei endring i lovverket som mogleggjorde utbygging av mindre vassdrag. Dei siste åra har det vore ei utvikling der mange prosjekt som har fått konsesjon ikkje har starta utbygging. For å finne svare på dette har eg gjennomført fem intervju, for å auke kunnskapen om kva utfordringar dei står ovanfor med tanke på å starta utbygging.
Det overordna målet med oppgåva er å finne ut kvifor grunneigarar ikkje har starta å byggje ut småkraftprosjekta sine. Finne ut kva faktorar som har spelt ei rolle for at prosjektet har den statusen det har, men også kva dei tenkjer om framtida. Ser dei ein moglegheit for utbygging? Det er fleire faktorar som spelar inn på korleis grunneigarar tenkjer om realisering, dei viktigaste er tilgang på nett og økonomi. I tillegg har ein over tid sett ei utvikling der eksterne aktørar, i form av profesjonelle utbyggingsselskap og utanlandske investeringsselskap, enten inngår avtalar med grunneigarar om utbygging eller kjøper opp heile prosjektet.
På bakgrunn av dette har denne oppgåva ei hovudproblemstilling med eit delspørsmål:
Kva er bakgrunnen for at grunneigarstyrte småkraftprosjekt som har fått konsesjon ikkje har starta utbygging?
Kva konsekvensar vil ei endring i eigarstruktur seie for aksepten av småkraftverk?
For å svare på desse spørsmåla har eg valt å nytte ein kvalitativ metode der eg har intervjua grunneigarar i Sogn og Fjordane som har fått konsesjonen, men som ikkje har starta utbygging. Samstundes som eg har nytta ein liten litteratur studie for å sjå på sosial aksept knytt til desentralisert energiproduksjon. Under litteratur studien har eg sett på kva sosial aksept er, i tillegg har eg sett på korleis sosial aksept kan bli påverka av ei endring i eigarstrukturen og investeringane i norsk småkraft.
For å svare på hovudproblemstillinga valte eg å gjennomføre intervjua med ein semi-strukturert tilnærming. Der ein har nokre tema og spørsmål som ein stiller, men fortsatt har moglegheita til å stille oppfølgingsspørsmål til informantane. Dermed får ein eit grunnlag der alle har blitt stilt same spørsmåla, men også fått moglegheita til å utdjupe om eventuelle andre utfordringar som ikkje var opphaveleg ein del av intervjuguiden. Intervjuguiden var basert på tidlegare liknande undersøkingar, forskingslitteratur og kjende problemstillingar som småkraftprosjekt står ovanfor. Intervjua blei transkribert og seinare analysert. Dei blei analysert med ein open tilnærming, der ein ser etter tema i intervjua. Tema i denne samanhengen er utfordringar som går igjen frå prosjekt til prosjekt.
Når ein skal svare på delspørsmålet så har det blitt basert på ein litteraturstudie knytt til sosial aksept. Her har ein brukt kjent kunnskap til å bygge oppunder kva sosial aksept er med tanke på desentralisert energiproduksjon. Litteratur studiar viser at aksepten til desentralisert energiproduksjon for eksempel er knytt til kor nært busetjinga det blir bygd og det visuelle. Det er gjort lite studiar som seier noko om korleis aksepten kan endre seg avhengig av kven som investera i slike anlegg. Utviklinga med fleire aktørar er svært ny, noko som kan vere årsaka til det.
Utifrå resultatet kan ein sjå enkelte tema som stikker seg ut, som allereie er velkjent. Alle prosjekt har dei generelle utfordringane samtidig som dei har eit eller fleire problem som er spesifikt for sitt prosjekt.
Hovudproblema er økonomi og tilgang på nett. Basert på resultata kan ein seie at utfordringane deira er samansett. I Sogn og Fjordane kan sjå ein samanheng mellom manglande nett kapasitet og auka utbyggingskostnader noko som har resultert i lågare lønnsamheit. Lønnsamheita er ikkje dårleg berre på grunn av auka utbyggingskostnader, men har også stor samanheng med låge kraft- og elsertifikatprisar. Dette har resultert i at grunneigarar har problem med å få finansiert prosjektet. Eigenkapitalen har blitt for stor for grunneigarar å handtere aleine. Ein kan også sjå andre utfordringar som for eksempel avgjersle innanfor eigarskap der rettsvesenet har vore involvert for å finne løysingar.
Problema er samansett og tida går. Med tida blir prosjekta dyrare og kostnadane blir til slutt så store at skal prosjektet bli utbygd må ein sjå seg om etter andre alternativ for å få realisert det. Utviklinga har ført til framgangen av eksterne aktørar. Dei eksterne aktørane i form av utbyggingsselskap har vore der sidan starten av småkrafta, men det ein har sett siste åra er for eksempel utanlandske investeringsselskap som kjøper opp utbyggingsselskap og småkraftprosjekt.
Med ei endring i eigarstruktur i norsk småkraft har eg drøfta kva dette vil ha å seie for utviklinga, i tillegg til dei faktorane som informantane har beskrive i intervjua. Basert på eksisterande resultat er det vanskeleg å konkludere med korleis aksepten vil bli med tanke på ein anna eigarstruktur. Det ein kan sjå er at småkraft utbyggingane har ført til ei endring i korleis ein tenkjer om fornybar utbygging. Tidlegare var slik anlegg større og plassert langt på fjellet, no er det blitt fleire og i nærheita av der befolkninga bur.
Det er av min oppfatning vanskeleg for grunneigarar å byggje ut utan hjelp frå andre slik situasjonen er i dag. Med låge kraft- og elsertifikatprisar vil ikkje lønnsamheita vere god nok for at grunneigarar kan byggje ut aleine. I tillegg til at krava frå bank om høgare eigenkapital blir for stor og til liks med risikoen. Det vil bety at utviklinga av eksterne aktørar i småkraftbransjen vil bli oppretthalden skal utbyggingane av småkraft fortsett. Det kan få konsekvensar for lokal verdiskaping der verdiar kan forsvinne vekk i frå området. | nb_NO |
dc.description.abstract | Abstract in English
In Norway the history for hydropower is long and comprehensive. After over 100 years with traditions the hydropower is still important and there are still many developments across the country. Small hydro production has the last two decades had a major development, after many decades with larger hydropower developments and changes in the legislations that made the developments of small rivers possible. The last years there has been at development towards many projects that has gotten a license to build, but they haven’t started. To figure out why I have conducted five interviews, for increasing the knowledge about what challenges they are facing when they gone decide to build or not.
The overall goal with this thesis is to figure out why landowners has not started developing their small hydro project. Try to figure out what factors who plays a role when projects have their current situation, but also what they think about the future, if they see a possibility to start building. There are several factors that influence how landowners thinks about their project, the most important ones are the access to grid and economy. In addition, it has been at development towards more external actors in the industry, in the form of professional development companies and foreign investment companies. Either they make agreements with landowners or the buy the whole project. This development combined with what happens with several projects is quite interesting.
Based on this the thesis has one main issue with one supplementary question:
What is the reason for landowner controlled small hydro projects that has gotten a license hasn’t start developing the project?
What consequences would a change in ownership change the acceptance for small hydro?
To answer these questions, I have chosen to use a qualitative method where I interview landowners in Sogn og Fjordane that has gotten a license but hasn’t started developing it. At the same time, I have conducted a small literature review to look at social acceptance in relation to decentralized energy production. With the literature review I have looked at what social acceptance is, also looked at how social acceptance could be affected by a change in ownership and investments in Norwegian small hydro projects.
To answer the main issue, I have chosen to implement interviews with a semi-structured approach. Where I have asked questions, but also have had the opportunity to ask follow-up questions to my informants. By that get a foundation where everyone getting asked the same question, but also has the possibility to elaborate if they have had any other problems. The interview guide was based on earlier studies, research literature and well-known problems that small hydro project is facing. The interviews were transcribed and analysed. It was analysed with an open approach, where I have looked at themes in the interviews.
Answering the supplementary question this has been based on a literature study attached to social acceptance. Where I have used known knowledge to build up on what social acceptance is when you are thinking on decentralised energy production, in this setting small scale hydro. Literature studies based on wind power shows that acceptance to decentralized energy production for instance is attached to how close to residents its built and the visual. There aren’t studies looking at how acceptance could change when other invest in such facilities. The development with several actors is quite new, something that could be the reason for lack of literature.
Based on the results there is some themes that is more important than others. All the projects faced the general problems, but also at the same time had problems specific for their own project. The main issue is economy and access to grid. Based on the results is there challenges composed. In Sogn og Fjordane is there a connection between lack of grid capacity and increased developing costs, but it has also a connection with low profitability. Profitability isn’t bad just because of increasing costs, but also due to low power and certificate prizes. This development has become over time, and it looks like it would continue some time. All the projects had also faced other problems. Such as problems due to conflicts between landowners that caused involvement of judiciary. Also challenges due to governments and processes with the license treatment.
The problems are composed, and all the challenges makes time go. With time the project gets more expensive and the cost becomes at the end to high that if the projects would be developed they have to look at other options to realize it. The development has caused progress of more external actors. They have always been there, but latest years you have seen that foreign investment companies for instance has bought both professional developers but also projects.
With a change in the ownership in Norwegian small hydro have I discussed what this would do for the development, also with factors the informants have described in the interviews. Based on existing results it difficult to conclude with how acceptance would change with a different ownership. You could see that developing small hydro has caused a change in how people think of renewable energy development. Earlies these types of facilities were bigger and high up in the mountains, now there are several and closer to where people live. This means bigger environmental consequences for the community and could cause a NIMBY-effect.
My opinion is that there is though for landowners to build small hydro without help from others with current situation. With low power- and certificate prizes the profitability is to low for landowners to build their project on their own. Also has the banks claimed higher deductibility gets to big and so does the risk attached to developing the project. This means that the developing with external actors will continue. That could cause a change in acceptance towards small hydro. This could cause consequences for local wealth creation that could cause loss of values. One thing that could change the development is changes in politics. If they should be more favourable for landowners to develop small hydro there has to be a change for instance in taxes and fees. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | småkraft | nb_NO |
dc.subject | grunneigarar | nb_NO |
dc.subject | eigarforhold | nb_NO |
dc.title | Grunneigarstyrt småkraft på vent, kva konsekvensar vil det få på sikt? | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.description.localcode | GE4-304 | nb_NO |