Forbrukarmotstand mot reklame på internett
Abstract
Veksten i internettbruk har ført med seg ein stor arena der bedrifter kan marknadsføre seg. Auken i antal reklamar dagens forbrukar vert utsatt for på ein dagleg basis, vert sett på som å skape ein viss motstand hjå forbrukaren. For å utforske dette fenomenets sannferdigheit samt moglege forklaringar på dette, har me vald problemstillinga «kva faktorar påverkar forbrukarmotstand mot reklame på internett?».
Med denne forskinga vert det føreslått eit sett med hypotesar og ein forskingsmodell, basert på konstrukt henta frå litteraturgjennomgang. Me gjennomførte ei kvantitativ undersøking, og fekk inn svar frå 442 respondentar. Resultata våre visar at forbrukarmotstand til reklame vert negativt påverka av forbrukarens haldningar til reklame; positive haldningar medfører låg forbrukarmotstand. Me fann vidare at haldningar vert positivt påverka av reklamens underhaldningsverdi og informasjonsverdi, og negativt påverka av irritasjon. Me fant ikkje at kredibilitet og tilpassing hadde ein verknad på haldningar. Desse resultata kan vere nyttig for bedrifter, då dei gjer ein indikasjon på kva som kan vere viktig å fokusere på for å skape gode haldningar hjå forbrukarar, og unngå forbrukarmotstand.
Description
Bachelorstudium i Økonomi og jus 14H BO6-2011 ASF/IØA/Økonomi og jus 12. mai 2017