Kvalitetssikring av innhaldet i kurs i eksamensmeistring - eit kvalitetsutviklingsprosjekt : notat om evalueringsprosessen av kurs i eksamensmeistring ved HVL, campus Førde i tida 2014-2018
Abstract
SAMANDRAG
Kurs i eksamensmeistring for studentar i høgare utdanning blir evaluert for å sikre kvaliteten på kurset. Notatet søkjer å kaste lys over erfaringane kurshaldarane og studentar har gjort seg i evalueringsprosessen av kurset ved Høgskulen på Vestlandet. Coghlan og Brannick sine fasar i evalueringsprosessen utgjer strukturen for den faglege framstillinga. Erfaringane viser at studentane for det meste er nøgde med kurset. Notatet viser gode erfaringar med å vere to kurshaldarar som gjennom dialog og metakommunikasjon i gjennomføringa og i før- og etter- rettleiinga, kan gjere det mogleg å justere kurset undervegs.