Show simple item record

dc.contributor.authorHellesnes, Pål Magnus
dc.date.accessioned2018-03-08T08:11:09Z
dc.date.available2018-03-08T08:11:09Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2489416
dc.descriptionAvdeling for helsefag/institutt for sjukepleie/Campus Førdenb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Eldre menneske fell og slår seg kvar dag i norske heimar. Nokre av desse går det bra med, medan andre treng helsehjelp og ofte kirurgisk behandling. Mange av dei som vert innlagd har ein demenssjukdom. Dette betyr at ei brå omvelting i livet og eit sjukehusopphald kan vere ei stor påkjenning. I denne oppgåva skal eg ta føre meg korleis ein som sjukepleiar på ei sjukehuseining som behandlar traume, kan møte og ivareta desse pasientane på best måte. Problemstilling: Korleis kan ein som sjukepleiarar ivareta og møte den demente traumepasienten? Metode: I denne oppgåva har eg nytta litteraturstudie til å finne teori. Eg har nytta forskjellige databasar, pensumlitteratur, nettstadar og lovar for å skape eit teorigrunnlag eg har nytta i drøftinga på slutten av oppgåva. Resultat/konklusjon: Eg har funne at det er særs lite forsking kring temaet eg har tatt føre meg. Dei artiklane eg har funne viser at det er ei samanheng mellom demens og traume, og at denne pasientgruppa krev ekstra mykje frå sjukepleiar. Det krev gode kunnskapar innan kommunikasjon og relasjonsbygging, samt evna til å sjå dei særskilde behova til menneske som slit med å fungere i kvardagen. For demente menneske som skadar seg kan det vere ekstra utfordrande å handtere, tolke og forstå situasjonen dei har hamna i. Det er opp til sjukepleiar å møte pasienten på best måte, slik at pasienten sin integritet, personlege ynskje og behov vert ivareteken og dekka.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectsjukepleienb_NO
dc.subjectomsorgnb_NO
dc.subjecthoftebrotnb_NO
dc.subjecttraumenb_NO
dc.subjectDemensnb_NO
dc.titleDen demente traumepasientennb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber25nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record