Den demente traumepasienten
Abstract
Bakgrunn: Eldre menneske fell og slår seg kvar dag i norske heimar. Nokre av desse går det bra med,
medan andre treng helsehjelp og ofte kirurgisk behandling. Mange av dei som vert innlagd har ein
demenssjukdom. Dette betyr at ei brå omvelting i livet og eit sjukehusopphald kan vere ei stor
påkjenning. I denne oppgåva skal eg ta føre meg korleis ein som sjukepleiar på ei sjukehuseining som
behandlar traume, kan møte og ivareta desse pasientane på best måte.
Problemstilling: Korleis kan ein som sjukepleiarar ivareta og møte den demente traumepasienten?
Metode: I denne oppgåva har eg nytta litteraturstudie til å finne teori. Eg har nytta forskjellige
databasar, pensumlitteratur, nettstadar og lovar for å skape eit teorigrunnlag eg har nytta i drøftinga på
slutten av oppgåva.
Resultat/konklusjon: Eg har funne at det er særs lite forsking kring temaet eg har tatt føre meg. Dei
artiklane eg har funne viser at det er ei samanheng mellom demens og traume, og at denne
pasientgruppa krev ekstra mykje frå sjukepleiar. Det krev gode kunnskapar innan kommunikasjon og
relasjonsbygging, samt evna til å sjå dei særskilde behova til menneske som slit med å fungere i
kvardagen. For demente menneske som skadar seg kan det vere ekstra utfordrande å handtere, tolke og
forstå situasjonen dei har hamna i. Det er opp til sjukepleiar å møte pasienten på best måte, slik at
pasienten sin integritet, personlege ynskje og behov vert ivareteken og dekka.
Description
Avdeling for helsefag/institutt for sjukepleie/Campus Førde