Motivasjon til fysisk aktivitet hos pasientar med depresjon
Abstract
Tittel:
Motivasjon til fysisk aktivitet hos pasientar med depresjon.
Bakgrunn for val av tema:
Ifølge World Health Organization (2017) er depresjon ein utbreidd psykisk liding, med over 300
millionar menneske som er ramma. Grunna den aukande førekomsten av depresjon, eigne interesser
og erfaringar frå praksis og som ferievikar i psykisk helsevern syns eg dette er eit viktig tema å gå
innpå. Eg såg blant anna korleis fysisk aktivitet kan vere med å påverke pasientane på ein positiv
måte.
Problemstilling:
Korleis kan sjukepleiar motivere pasient med depresjon på ei psykiatrisk avdeling til fysisk aktivitet?
Metode:
I denne oppgåva er det nytta litteraturstudie som metode. Oppgåva er basert på sju forskingsartiklar,
pensumlitteratur og anna faglitteratur. Det er også trekt inn eigne erfaringar frå praksis (og som
ferievikar) i psykisk helsevern.
Oppsummering:
Denne oppgåva tar fram ei rekke positive verknadar av fysisk aktivitet i behandling mot depresjon.
Det kjem fram i oppgåva korleis sjukepleiar kan bidra med å motivere til fysisk aktivitet for pasientar
med depresjon. Blant anna ved å danne ein god relasjon, gode haldningar blant sjukepleiarar og ei
positiv leiing, tileigne seg kunnskap om fysisk aktivitet, bruk av motiverande intervju, individuell
tilpassing, støtte og oppfølging, kan ein lykkast med motivasjon for fysisk aktivitet.
Description
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for helsefag