Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolheim, Kine
dc.date.accessioned2018-02-22T10:26:15Z
dc.date.available2018-02-22T10:26:15Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2486370
dc.descriptionBachelor i sjukepleie Avdeling for helsefag/institutt for sjukepleie/campus Førdenb_NO
dc.description.abstractTittel: Livstilssrettleiing til pasientar med diabetes type 2. Bakgrunn for val av tema: Då eg var i medisinsk praksis var eg på ein sengepost for diabetespasientar. Her fekk eg sjå at store delar av behandlinga av diabetes type 2 bestod av livsstilsendring. Sjukepleiarane i avdelinga hadde ansvar for å rettleie pasientane innanfor kosthald og fysisk aktivitet. Eg fekk sjølv prøve meg i den rettleiiande rolla, og fekk føle på kroppen at det var utfordrande å skulle rettleiie pasientar til å gjere ei viktig endring i livet sitt. Eg bestemte meg dermed for å ta føre meg dette emnet i bacheloroppgåva mi. Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar rettleie pasientar med diabetes type 2 til ei livsstilsendring? Metode: Oppgåva mi er basert på litteraturstudie som metode. Eg har nyttegjort meg av faglitteratur og forskingsartiklar for å svare på problemstillinga mi. Funn og konklusjon: For å rettleie pasientar med diabetes type 2 til ei livsstilsendring, er sjukepleiaren avhengig av fagleg dugleik og kunnskap. Ein må ta i bruk pedagogiske og relasjonelle ferdigheiter, samt å tilpasse informasjonen til pasienten sitt nivå. Det bør leggast ekstra vekt på kosthald og endringar knytt til dette, då forsking syner at dette er noko pasientane er ekstra opptekne av. Sjølv om tid kan vere ein manglande ressurs, er det viktig å bruke den tida ein har til rådigheit, då litt rettleiing er betre enn inga rettleiing i det heile.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectDiabetes type 2nb_NO
dc.subjectrelasjonnb_NO
dc.subjectrettleiingnb_NO
dc.subjectlivsstilsendringnb_NO
dc.titleLivsstilsrettleiing til pasientar med diabetes type 2nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel