Livsstilsrettleiing til pasientar med diabetes type 2
Abstract
Tittel: Livstilssrettleiing til pasientar med diabetes type 2.
Bakgrunn for val av tema: Då eg var i medisinsk praksis var eg på ein sengepost for diabetespasientar. Her fekk eg sjå at store delar av behandlinga av diabetes type 2 bestod av livsstilsendring. Sjukepleiarane i avdelinga hadde ansvar for å rettleie pasientane innanfor kosthald og fysisk aktivitet. Eg fekk sjølv prøve meg i den
rettleiiande rolla, og fekk føle på kroppen at det var utfordrande å skulle rettleiie pasientar til å gjere ei viktig endring i livet sitt. Eg bestemte meg dermed for å ta føre meg dette emnet i bacheloroppgåva mi.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar rettleie pasientar med diabetes type 2 til ei livsstilsendring?
Metode: Oppgåva mi er basert på litteraturstudie som metode. Eg har nyttegjort meg av faglitteratur og forskingsartiklar for å svare på problemstillinga mi.
Funn og konklusjon: For å rettleie pasientar med diabetes type 2 til ei livsstilsendring, er sjukepleiaren avhengig av fagleg dugleik og kunnskap. Ein må ta i bruk pedagogiske og relasjonelle ferdigheiter, samt å tilpasse informasjonen til pasienten sitt nivå. Det bør leggast ekstra vekt på kosthald og endringar knytt til dette, då forsking syner at dette er noko pasientane er ekstra opptekne av. Sjølv om tid kan vere ein manglande ressurs, er det viktig å bruke den tida ein har til rådigheit, då litt rettleiing er betre enn
inga rettleiing i det heile.
Description
Bachelor i sjukepleie Avdeling for helsefag/institutt for sjukepleie/campus Førde