Når mat er ein trigger
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2485057Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag
Tittel: ”Når mat er ein trigger”.
Bakgrunn for var val av tema: Irritabel tarmsyndrom (IBS) er ein tilstand som rammar mange, det
finnast ingen god medisinsk kur, og mange opplever symptom knytt til matinntak. Helsedirektoratet
anbefaler lavFODMAP-dietten for symptomlindring, ein diett som for meg verkar til å verte stadig
meir aktuell hos pasientane. Eg opplever at mange pasientar ønskjer råd og svar på spørsmål kring
dietten, men eg kjenner meg usikker på både framgangsmåte og effekt. Likevel tenker eg at om ein
diett kan hjelpe mange personar med ei rekke plager, er det vel viktig at vi som helsepersonell
kjenner til effekten og kan hjelpe desse pasientane?
Problemstilling: Korleis kan lavFODMAP som diett bidra til symptomlindring hos pasientar med
irritabel-tarmsyndrom, og kan dette påverke livskvaliteten?
Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie. Forsking er funne ved hjelp av systematisk søk i Academic
Search Elite, inkludert Cinahl og Medline, og i PubMed. Anna litteratur er innhenta av tidlegare
pensum, tips frå rettleiar, offentlege nettsider -og retningslinjer, og litteratur eg har hatt kjennskap til
frå før av.
Funn, konklusjon: Mat er ikkje årsaka til tilstanden, men kan vere ein symptomtrigger. I tillegg
opplever mange med IBS redusert livskvalitet. LavFODMAP-dietten ser ut til å både vere ein trygg og
effektiv symptomlindrar ved korttidsbruk, og bør såleis introduserast for pasientar som er prega av
plagsame symptom og redusert livskvalitet ved IBS. Langtidseffekten og sideeffektar ved dietten må
undersøkast vidare.
Nøkkelord: livskvalitet, symptomlindring, lavFODMAP, IBS, sjukepleie.
Beskrivelse
Bachelor i sjukepleie SK152 Avdeling for helsefag Institutt for sjukepleiarutdanning