Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNerli, Morten Strømmen
dc.contributor.authorNyborg, Lars Eirik
dc.contributor.authorOlsen, Thomas Langeland
dc.date.accessioned2018-02-02T08:34:10Z
dc.date.available2018-02-02T08:34:10Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2482309
dc.descriptionIdrett og Kroppsøving ID3-323 Avdeling for lærarutdanning og idrett Rettleiar: Einar Ylvisåker 15.12.17nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Dei siste åra har kvantifisering av forflytningsdata i kampar blitt flittig brukt for å forbetre prestasjonar. Fleire studie har blitt gjort i ulike land, men til vår kjennskap har det berre blitt gjennomført eitt studie på lag i den norske eliteserien. Hensikt: Kvantifisere forflytningsdata frå eit lag i norsk eliteserie. Hensikta var å undersøkje skilnader i belastninga for forsvarsspelarar i det bakre ledd mellom to ulike formasjonar, samt skilnader mellom heime- og bortebane. Metode: Forflytningsdata vart innhenta frå eitt lag, over ein sesong i norsk eliteserie, totalt 12 heimekampar og 13 bortekampar. Det var henholdsvis 2 heimekampar og 3 bortekampar i 4-4-2, medan det var 10 kampar både heime og borte i 3-4-3. Totalt 13 spelarar var med i studien, 5 sidebackar og 8 midtstopparar. Forflytningsdata var innhenta ved bruk av Catapult Sports tracking. Spelarane vart kategorisert i posisjonane: midtstoppar og sideback. Forflytningsdata vart kategorisert i tre hastigheitskategoriar: høghastigheitsløp (19,8-25,1 km/t), sprint (> 25,2 km/t) og høgintensitetsløp (> 19,8 km/t). Resultat: Sidebackane tilbakela 22% fleire meter i høgintensitetsløp (p < 0,04) i 3-4-3 samanlikna med 4-4-2 (p < 0,03). Analysa viste og at sidebackar tilbakela 42% fleire meter i høgintensitetsløp på bortebane samanlikna med heimebane i 4-4-2 (p < 0,03). Det var ingen andre signifikante skilnader for verken midtstopparar eller sidebackar. Konklusjon: Studien viste at det vart tilbakelagt lenger distansar i høgintensitetsløp for sidebackar i 3-4-3 samanlikna med 4-4-2. Det var ingen signifikante skilnader for midtstoppar. Vidare vart det tilbakelagt fleire meter i høgintensitetsløp på bortebane samanlikna med heimebane for sidebackar i 4-4-2. Det vart ikkje funne nokon skilnader for midtstopparar mellom heime- og bortebane, ei heller i total distanse tilbakelagt for midtstopparar og sidebackar i ulike formasjonar, eller mellom heime- og bortebane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectForsvarsspillerenb_NO
dc.subjectforsvarsspelararnb_NO
dc.subjectbelastningnb_NO
dc.subjectbakre leddnb_NO
dc.titleEr det skilnad på belastninga for forsvarsspelarar i det bakre ledd i norsk toppfotball?nb_NO
dc.title.alternativeIs there a difference in player load for defenders in the back-line in Norwegian top-football?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber30nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel