dc.description.abstract | Bakgrunn: Dei siste åra har kvantifisering av forflytningsdata i kampar blitt flittig brukt for å forbetre prestasjonar. Fleire studie har blitt gjort i ulike land, men til vår kjennskap har det berre blitt gjennomført eitt studie på lag i den norske eliteserien.
Hensikt: Kvantifisere forflytningsdata frå eit lag i norsk eliteserie. Hensikta var å undersøkje skilnader i belastninga for forsvarsspelarar i det bakre ledd mellom to ulike formasjonar, samt skilnader mellom heime- og bortebane.
Metode: Forflytningsdata vart innhenta frå eitt lag, over ein sesong i norsk eliteserie, totalt 12 heimekampar og 13 bortekampar. Det var henholdsvis 2 heimekampar og 3 bortekampar i 4-4-2, medan det var 10 kampar både heime og borte i 3-4-3. Totalt 13 spelarar var med i studien, 5 sidebackar og 8 midtstopparar. Forflytningsdata var innhenta ved bruk av Catapult Sports tracking. Spelarane vart kategorisert i posisjonane: midtstoppar og sideback. Forflytningsdata vart kategorisert i tre hastigheitskategoriar: høghastigheitsløp (19,8-25,1 km/t), sprint (> 25,2 km/t) og høgintensitetsløp (> 19,8 km/t).
Resultat: Sidebackane tilbakela 22% fleire meter i høgintensitetsløp (p < 0,04) i 3-4-3 samanlikna med 4-4-2 (p < 0,03). Analysa viste og at sidebackar tilbakela 42% fleire meter i høgintensitetsløp på bortebane samanlikna med heimebane i 4-4-2 (p < 0,03). Det var ingen andre signifikante skilnader for verken midtstopparar eller sidebackar.
Konklusjon: Studien viste at det vart tilbakelagt lenger distansar i høgintensitetsløp for sidebackar i 3-4-3 samanlikna med 4-4-2. Det var ingen signifikante skilnader for midtstoppar. Vidare vart det tilbakelagt fleire meter i høgintensitetsløp på bortebane samanlikna med heimebane for sidebackar i 4-4-2. Det vart ikkje funne nokon skilnader for midtstopparar mellom heime- og bortebane, ei heller i total distanse tilbakelagt for midtstopparar og sidebackar i ulike formasjonar, eller mellom heime- og bortebane. | nb_NO |