Kjenneteikn ved yoga som bevegelsessystem. Ein intervjustudie
Abstract
Bakgrunn: Yoga er opprinneleg eit klassisk indisk filosofisk system med røter fleire tusen år tilbake i tid. I vesten har det ofte vore mest fokus på yoga som fysisk disiplin beståande av stillingar (asanas) og pust (pranayama), også kalla hatha yoga. I dei seinare år har yoga har har hatt ei jamn auke i popularitet, og er også gjenstand for mykje forsking innan medisin og helsefag. Det presenterast ofte som ein kontrast til anna trening. Føremål: Å få auka kunnskap om kjenneteikn ved yoga som bevegelsessystem. Materiale og metode: Kvalitativt semistrukturert intervju blei valgt som metode. Utvalet besto av fire informantar som både var yogalærarar/instruktør og fysioterapeutar. Kunnskapsbidrag: Det var tre hovudtema som utpeika seg når det gjald yoga som bevegelsessystem; stillingar og bevegelsar, pust og fokusert oppmerksomhet. Med utgangspunkt i datamaterialet kan ein sjå på dette som bestanddelar i yoga som ideelt sett skal integrerast i utøvinga. Oppgåva ser nærmare på kva som kjenneteikner kvart av desse tre tema, då med særskilt fokus på det som er særpreg for yoga: Stillingar og bevegelsar: variasjon, hensiktsmessig utføring, tid og sjølvaksept og mestring. Pust: pustens rolle, pustemåte, og samspel pust og bevegelse. Fokusert oppmerksomhet: bevisst nærvær og fokusert oppmerksomhet i praksis. Desse tre hovudtema skildrast alle til å kunne ha sine individuelle verknader avhengig av utøverens livshistorie, bevegelseserfaringar og individuelle fysiske forutsetnader. Informasjon frå datamaterialet antyder at det overordna mål og tema i yoga synast vere nærvær.
Description
Masteroppgave i klinisk fysioterapi