Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAase, Katrin
dc.date.accessioned2018-02-01T15:08:43Z
dc.date.available2018-02-01T15:08:43Z
dc.date.issued2012-10-10
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481806
dc.descriptionMastergradstudium i Klinisk Fysioterapinob
dc.description.abstractDenne studien har som mål å kaste lys over kva erfaringar personar med fibromyalgi og fibromyalgiliknande symptom har med pilatestrening i gruppe hos fysioterapeut. Teoretisk er studien forankra i fenomenologien og det vart nytta ei kvalitativ tilnærming i samband med informasjonsinnhenting. Det vart utført fire intervju, to fokusgruppeintervju med same gruppa, og to individuelle intervju, der informantane vart rekruttert frå fokusgruppa. Ein mann og seks kvinner tok del i studien og delte sine erfaringar om pilatestrening i samband med deira helseplager. Dei var jevnt fordelt i alder mellom 37–70 år og hadde hatt plager i 10-34 år. Alle informantane uttrykte at dei hadde hatt god nytte av pilatestrening i gruppe hos fysioterapeut, og at dei ved hjelp av denne tilnærminga hadde fått «verktøy» som dei kunne nytte i kvardagen til å forebygge og redusere plager. Dei hadde fått auka kroppsbevissthet, auka rørsleevne og betra evne til avspenning. Det som informantane meiner har vore avgjerande for at nettopp pilatestrening har hatt positiv innverknad på deira helseplager, er grundig instruksjon og veiledning av øvingane og hensikten med desse og fokus på kvalitet på utføring. Informantane tok del i pilatestrening ein gong per veke og alle fortalde at dei nytta teknikkar frå pilatesøktene i kvardagen. Det var då spesielt øvingar som gjekk på avspenning og stabilisering av kjernemuskulatur under aktivitet som vart nytta. Pusten vart òg nevnt som viktig i samband med å handtere stress. Mange har opplevd betring av andre plager enn dei som opprinneleg var årsaken til at dei byrja med pilatestrening og dei fortel at dei har fått ein generell positiv effekt på heile kroppen. I tillegg nevner fleire at dei har blitt tydeligare for seg sjølv og andre på kor grensene for belasting går og at dei lettare klarar å halde seg innafor eigne tålegrenser både i heimen og i arbeidslivet. Denne studien konkluderer med at pilatestrening hos fysioterapeut kan ha god nytte for pasientar med fibromyalgi og fibromyalgiliknande plager. Pilatestrening kan bidra til ei bevisstgjering av korleis kroppen fungerer og gi pasientane positive kroppslege erfaringar som igjen kan gi innsikt i eigne tålegrenser.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherBergen University Collegeen_US
dc.title«Pilatestrening i grupper – eit fysioterapitiltak for personar med fibromyalgi? Ein intervjustudie i pasienterfaringar»en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel