Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDale, Trine
dc.date.accessioned2018-02-01T14:43:08Z
dc.date.available2018-02-01T14:43:08Z
dc.date.issued2015-05
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481482
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteraturen_GB
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis spenninga mellom det muntre og det alvorlege artar seg i møte med døden som tema i nyare barnelitteratur. Moderne bildebøker for barn syner ei utvikling som går i retning stadig meir utfordrande tema og kontroversielle måtar å framstille desse på, noko bruken av humor i bøker om døden er eit døme på. Det komplekse samspelet mellom latteren og alvoret kan sporast heilt tilbake til klassisk litteratur frå antikken, og i nyare tid er dette også synleg i litteratur for barn. Målet med denne masteroppgåva er å studere dette spenningsforholdet i ein barnelitterær kontekst. Undersøkinga tar utgangspunkt i tre bildebøker: Lilla döden hälsar på (2011) av Kitty Crowther, Dödenboken (1999) av Pernilla Stalfelt og Børnenes bedemand (2008) av Oskar K og Dorte Karrebæk. I desse tre bøkene ligg alvoret implisitt i døden som tema, samtidig som dei alle er omtalte som humoristiske i bøkenes paratekstar. Funna i nærlesingane underbygger det nemnde spenningsforholdet som kjem tydeleg til uttrykk i dei tre bøkene, men i lys av dei forskjellige vinklingane og framstillingane av døden kombinert med dei ulike humoristiske verkemidla som er nytta, er dei likevel forskjellige – både i stemning og karakter. Eit grunnleggande fellestrekk for dei tre bildebøkene er deira utamde og grenselause natur. Bøkene tar eit oppgjer med den tidlegare tabulagde døden og leikar med konvensjonelle framstillingar av temaet. Funna i undersøkinga viser latterens spennvidde og kompleksitet i litterære møte med døden. Den viser også korleis framstillinga av døden trer ut av latteren, der alvoret og det religiøse er ulikt vekta. Dette syner eit multimodalt samspel kor alvoret og det muntre opptrer simultant og vert reflekterte i kvarandre, noko som gjer litteraturen mangetydig og kompleks.en_GB
dc.description.abstractThis thesis examines the tension between humour and solemnity in depictions of death in contemporary children's literature. In recent years, picture books for children have developed to contain more challenging themes, often depicted in controversial ways. The use of humour in picture books about death serves as one example of this. The complex interaction between laughter and seriousness can be traced back to works of antique classical literature, and today this is also reflected in children's fiction. This thesis aims to study how this tension plays out in the context of children's literature. The text is centred on close readings of three picture books: Lilla döden hälsar på ("The Visit of Little Death", 2011) by Kitty Crowther, Dödenboken ("The Book of Death", 1999) by Pernilla Stalfelt and Børnenes bedemand ("The Children's Undertaker", 2008) by Oskar K and Dorte Karrebæk. In these three books, the seriousness is implied in their theme, and all three have been described as humorous in various paratexts. The findings in the close readings underline the tension mentioned above, which is clearly expressed in all three books. Nevertheless, the books also differ in both mood and character, and present different perspectives on and depictions of death. All three books share one general trait: their untamed and limitless nature. They confront the formerly taboo theme of death, and play with conventional depictions of it. The findings in this thesis show the scope of laughter and the complexity in literary encounters with death. They also show how the depictions of death are filtered through humour, making it more or less solemn and religious. This shows a multimodal interaction in which solemnity and cheerfulness are present simultaneously and are reflected in each other, providing an ambiguous and complex reading experience.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherBergen University Collegeen_GB
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/3.0/no/
dc.titleSpenninga mellom humor og alvor i møte med døden. Ei nærlesing av tre bildebøker for barn.en_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway