Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHelvik, Ragnhild Aandahl
dc.date.accessioned2018-02-01T14:43:08Z
dc.date.available2018-02-01T14:43:08Z
dc.date.issued2015-05-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481481
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjupning i pedagogikken_GB
dc.description.abstractDenne kvalitative studien undersøkar førskulelærarar si legitimering av skuleførebuande aktivitetar i barnehagen. Studien har sin bakgrunn i ein kartleggingsrapport som stadfestar at barnehagar i stor grad gjennomførar slike aktivitetar, og ei forståing av at førskulelærarane sine argument for gjennomføringa manglar kunnskap tufta i pedagogisk og fagleg kompetanse. Studien tar utgangspunkt i eit sosialepistemologisk perspektiv og vil kunna medverka til forsking på vilkår for danning i barnehagen. Med eit sosialkonstruktivistisk vitskapsperspektiv nyttar eg omgrep frå diskursanalysen til å identifisera dominerande diskursar i den sosiale praksisen. Med eit utval på 17 førskulelærarar i frå tre ulike barnehagar, har eg gjennomført gruppeintervju med utgangspunkt i problemstillinga "kva argument har førskulelærar for å driva med skuleførebuande aktivitetar i barnehagen?" Studien har identifisert to ulike dominerande diskursar som eg har kalla for lojalitetsdiskursen og den sjølvteknologiske diskursen. Slik eg forstår utfallet mitt er det desse to diskursane som i hovudsak konstituerar den sosiale praksisen. Lojalitetsdiskursen handlar om ei forståing av aktørane sine haldningar og lojalitet til ytre praksisar, som i dette høvet vert rammeplanen og skulen. Den sjølvteknologiske diskursen skildrar korleis aktørane sine val av aktivitetar er tufta i deira oppfattingar av ulike normer og krav. Studien har òg identifisert eit paradoks i den sosiale praksisen. Paradokset handlar om at aktørane syner til krav i frå rammeplanen, samstundes som dei legg fram ynskjer om meir krav- og målstyrte dokument. Eg har vald å sjå nærare på lojalitetsdiskursen og korleis den kan vera med å skildra kva som konstituerar den sosiale praksisen. Eitt av hovudpunkta handlar om den symbolske styringa og universelle legitimiteten rammeplanen innehar, og korleis dette gir den ein posisjon i den sosiale praksisen som ikkje oppmodar til kritisk refleksjon eller fagleg grunngjeving. Derimot ser eg ei grunngjeving som har ei tydeleg forplanting i frå skulen sin ideologi, og korleis forventingar frå skulen er med å dannar grunnlag for argumentasjonen. Skulen sin ideologi har med andre ord ein hegemonisk posisjon i denne sosiale praksisen. Med denne bakgrunnen vil eg problematisera vilkåra for danning i barnehagen.en_GB
dc.description.abstractThis qualitative study examines how kindergarten teachers legitimize school preparatory activities in the kindergarten. The study is based on a survey report, which confirms that the majority of kindergartens conduct such preparation activities. The study considers whether the kindergarten teacher’s arguments to implement such practices are founded in educational and professional qualifications. The research was conducted using a social-epistemological perspective and can contribute to further understanding of cultural formation1 in the kindergarten. With a social-science perspective I utilize concepts from discourse analysis to identify the dominant discourses in the social practice. With a sample of 17 teachers from the three different kindergartens, I have conducted group interviews based on the research question “what argument can be made by the kindergarten teachers for conducting school preparatory activities in the kindergarten?” The study has identified two dominant discourses, which I have referred to as loyalty discourse and self-technological discourse. This is the basis of my outcomes, as I have understood that these are the discourses that constitute the social practice. Loyalty discourse deals with an understanding of the participants, their attitudes and loyalty to the external practices such as school and framework plan. The self-technological discourse describes how the participant’s choice of activities is based on their perceptions of different norms and requirements. The study has also identified a paradox in the social practice. The paradox being that kindergarten teachers do in fact adhere to requirements from the national curriculum, however simultaneously express a desire for additional requirements and goal-oriented documents. I have chosen to look more closely at the discourse of loyalty and how it can be used to depict what constitutes the social practice. One of the main points concerns how the framework plan provides a symbolic control and universal legitimacy. This gives it a position in the social practices that does not encourage critical reflection or academic justification. However, this likely comes from the school's ideology and how expectations from school are used to form the basis of argumentation. The school's ideology has therefore a hegemonic position in this particular kindergarten practice. Considering these factors I will question the conditions for cultural formation in the kindergarten.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherBergen University Collegeen_GB
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/3.0/no/
dc.titleFørskulelærarar sin lojalitet mot ytre praksisar, og skulen si hegemoniske kraft. -ein kvalitativ studie av ei gruppe førskulelærarar sine argument for å driva med skuleførebuande aktivitetar i barnehagen.en_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivs 3.0 Norway