Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvile, Synnøve
dc.date.accessioned2018-02-01T14:41:56Z
dc.date.available2018-02-01T14:41:56Z
dc.date.issued2011-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481467
dc.description.abstractDen kulturelle skulesekken (DKS) er ei ordning der skuleelevar møter kunst- og kultur. Dette føreset at nokre val har blitt teke utifrå kva som synast fornuftig og riktig å gjere i formidlinga av kunst og kultur til barn og unge. I DKS møtast forståingar av mellom anna kunst, kultur, skule, barn og formidling, noko som blir formidla vidare gjennom dei ulike produksjonane til DKS. I denne oppgåva vil eg undersøkje korleis forståingane blir konstruert og verkar i praksis, gjennom å svare på følgjande problemstilling: Kva diskursar verkar rådande når elevar ved fjerde trinn og produsentar i Den kulturelle skulesekken omtalar musikk og musikkopplevingar i samband med skulekonsertar? Korleis kan desse diskursane regulere eit handlings- og erfaringsrom for elevane og produsentane? Eg har gjort kvalitative intervju med elevar ved fjerde trinn og musikkprodusentar i Den kulturelle skulesekken, der temaet var musikk og musikkopplevingar. Sosialkonstruksjonisme står som teoretisk perspektiv, med diskursteori som det sentrale verktyet. Eg nyttar Michel Foucault som hovudteoretikar, der hans teori om diskursive formasjonar blir brukt som analysestrategi i diskursanalysen av intervjua. I analysen ser eg på informantane sine vanlege ytringsmåtar om musikk og musikkopplevingar, og undersøkjer kva for rådande diskursar desse kan uttrykkje. Vidare diskuterer eg korleis diskursane kan regulere kva handlingar og erfaringar som er moglege og tilgjengelege gjennom dei diskursteoretiske omgrepa subjektposisjon, kunnskap og makt. Diskursanalysen viste at det er tre diskursar som verkar rådande, og dermed regulerande for ytringsmåtane til informantane. Desse har eg kalla konkretiseringsdiskursen, diskursen om DKS-publikummet og kunstdiskursen. I diskusjonen om korleis diskursane kan regulere informantane sitt handlings- og erfaringsrom diskuterer eg kvar diskurs, før eg syner korleis diskursen om DKS-publikummet og kunstdiskursen kan sjåast som produsentane sin diskursive praksis som eg kallar DKS-kunsten. I diskusjonen kjeen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Bergenen_US
dc.titleMellom liten og stor - Tonar og ord. Ei diskursanalyse av korleis musikk kan bli forstått av elevar og produsentar i den kulturelle skulesekkenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Musikkvitenskap: 110::Musikkpedagogikk: 114en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel