Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSørensen, Turid Stigen
dc.date.accessioned2017-11-23T11:31:41Z
dc.date.available2017-11-23T11:31:41Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2467750
dc.descriptionMaster i samhandling innan helse- og sosiale tenester Avdeling for helsefag Innleveringsdato: 16.06.17nb_NO
dc.description.abstractEtter å ha samarbeida med legar over fleire år fekk eg interesse av å utforske korleis legane vurderer når dei står ovanfor ein pasient som treng eller ønskjer sjukemelding. Masteroppgåva handlar om kva vurderingar og kva etablerte diskursar som er rådande på legekontoret i samband med sjukemeldingspraksis. Problemstilling: Kva diskursar vert synlege i legar sine refleksjonar kring sjukemeldingspraksisen sin? Som metodisk og teoretisk hovudtilnærming har eg valt diskursanalyse. Det teoretiske bakteppet omfattar i tillegg teoriar om sosialkonstruktivisme, teori og forsking om legar sin sjukemeldingspraksis, samt diskursteori frå Michel Foucault og Iver Neumann. Datamaterialet består av transkriberte intervju med 9 legar frå 8 ulike kommunar i Sogn og Fjordane. Intervjua er halvstrukturerte med ein utforskande stil. Eg har funne 4 etablerte diskursar i legepraksisen; pasientmyndediskurs, forhandlingsdiskurs, portvaktdiskurs og interhelsediskurs. Alle diskursane har sitt utsprang frå lege-pasientsamhandling og har element av at legen står overfor ein ambivalens i dei ulike kontekstane. Ambivalensen gjer seg gjeldande på bakgrunn av pasienten sin store grad av mynde i samhandlinga, i tillegg til legen sin rolle som forvaltar av velferdsmidlar og kontrollør. Det empiriske materialet var prega av den unike og personlege kunnskapen som legane får ved å ha eit ontologisk perspektiv i møte med pasienten. Denne kunnskapen dannar grobotn for ein pasientkunnskap som kan vere vanskeleg å formidle til samarbeidspartar. Gjennom masteroppgåva vert det sett fokus på representasjonar som tyder på at legar i Sogn og Fjordane har utvikla ein relasjonsbasert sjukemeldingspraksis. Nøkkelord: Sjukemelding, sjukefråværsoppfølging, legepraksis, sjukemeldingspraksis, diskursanalysenb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectSjukemeldingnb_NO
dc.subjectsjukefraværsoppfølgingnb_NO
dc.subjectlegepraksisnb_NO
dc.subjectsjukemeldingspraksisnb_NO
dc.subjectdiskursanalysenb_NO
dc.title«Eg trur det gode resultatet kjem frå eit samspel mellom lege og pasient» : ei diskursanalyse av kvalitative intervju om legar sine sjukemeldingsvurderingarnb_NO
dc.title.alternative«Eg trur det gode resultatet kjem frå eit samspel mellom lege og pasient» - ei diskursanalyse av kvalitative intervju om legar sine sjukemeldingsvurderingar «I believe that the good result comes from an interaction between doctor and patient» : an discourse analysis of qualitative interview about doctors sick leave assessmentnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber84nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel