«Eg trur det gode resultatet kjem frå eit samspel mellom lege og pasient» : ei diskursanalyse av kvalitative intervju om legar sine sjukemeldingsvurderingar
Abstract
Etter å ha samarbeida med legar over fleire år fekk eg interesse av å utforske korleis legane vurderer når dei står ovanfor ein pasient som treng eller ønskjer sjukemelding. Masteroppgåva handlar om kva vurderingar og kva etablerte diskursar som er rådande på legekontoret i samband med sjukemeldingspraksis.
Problemstilling:
Kva diskursar vert synlege i legar sine refleksjonar kring sjukemeldingspraksisen sin?
Som metodisk og teoretisk hovudtilnærming har eg valt diskursanalyse. Det teoretiske bakteppet omfattar i tillegg teoriar om sosialkonstruktivisme, teori og forsking om legar sin sjukemeldingspraksis, samt diskursteori frå Michel Foucault og Iver Neumann.
Datamaterialet består av transkriberte intervju med 9 legar frå 8 ulike kommunar i Sogn og Fjordane. Intervjua er halvstrukturerte med ein utforskande stil.
Eg har funne 4 etablerte diskursar i legepraksisen; pasientmyndediskurs, forhandlingsdiskurs, portvaktdiskurs og interhelsediskurs. Alle diskursane har sitt utsprang frå lege-pasientsamhandling og har element av at legen står overfor ein ambivalens i dei ulike kontekstane. Ambivalensen gjer seg gjeldande på bakgrunn av pasienten sin store grad av mynde i samhandlinga, i tillegg til legen sin rolle som forvaltar av velferdsmidlar og kontrollør.
Det empiriske materialet var prega av den unike og personlege kunnskapen som legane får ved å ha eit ontologisk perspektiv i møte med pasienten. Denne kunnskapen dannar grobotn for ein pasientkunnskap som kan vere vanskeleg å formidle til samarbeidspartar.
Gjennom masteroppgåva vert det sett fokus på representasjonar som tyder på at legar i
Sogn og Fjordane har utvikla ein relasjonsbasert sjukemeldingspraksis.
Nøkkelord: Sjukemelding, sjukefråværsoppfølging, legepraksis, sjukemeldingspraksis, diskursanalyse
Description
Master i samhandling innan helse- og sosiale tenester Avdeling for helsefag Innleveringsdato: 16.06.17