Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVie, Astrid Marie
dc.date.accessioned2017-09-12T09:30:03Z
dc.date.available2017-09-12T09:30:03Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2454210
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Avdeling for samfunnsfag. Institutt for samfunnsvitskap 09. juni 2017nb_NO
dc.description.abstract«Eg er interessert i deg» - Korleis nyttar styrar i barnehagen strategisk HR-planlegging i leiing av menneskelege ressursar, og i kva grad påverkar dette motivasjonen til dei tilsette? «Kvalitet i barnehagene er først og fremst avhengig av de menneskelige ressursene…» (Kunnskapsdepartementet, 2008-2009, s. 21). Meld. St. 19 (2016) peikar på at leiing og organisering i barnehagen må setjast fokus på i tida framover. Det er dei tilsette saman med barn og foreldre som er dei viktigaste ressursane i barnehagen. Korleis blir dei menneskelege ressursane forvalta og har måten dei blir forvalta på noko å seie for motivasjonen deira? Eg har intervjua tolv tilsette gjennom fokusgruppe intervju sett saman av pedagogar, fagarbeidarar og assistentar, samt fire styrarar gjennom halvstrukturert intervju. Styrarane blir spurt om korleis dei forvaltar dei menneskelege ressursane i barnehagen. Funna mine viser at styrarane brukar mest tid på det administrative arbeidet og at personalarbeid blir nedprioritert. Styrarane nyttar i liten grad verktøy som kan hjelpe dei i organiseringa og forvaltninga av dei menneskelege ressursane. Dei tilsette er motiverte i jobben sin og meiner at måten styrar leier på har noko å seie for motivasjonen. Likevel viser funna mine at det som er viktigast for motivasjonen er samarbeidet med dei andre på avdelingane. Mykje av personalansvaret er desentralisert ut på kvar enkelt avdeling og pedagogane har i stor grad ansvar for organisering av arbeidet og oppfølging av dei andre tilsette.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectHRnb_NO
dc.subjectHR-planleggingnb_NO
dc.subjectstyrernb_NO
dc.subjectbarnehagestyrernb_NO
dc.subjectmenneskelige ressursernb_NO
dc.subjectLMRnb_NO
dc.titleEg er interessert i degnb_NO
dc.title.alternativeI am interested in younb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber111nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel