Eg er interessert i deg
Abstract
«Eg er interessert i deg» - Korleis nyttar styrar i barnehagen strategisk HR-planlegging i leiing av menneskelege ressursar, og i kva grad påverkar dette motivasjonen til dei tilsette?
«Kvalitet i barnehagene er først og fremst avhengig av de menneskelige ressursene…» (Kunnskapsdepartementet, 2008-2009, s. 21). Meld. St. 19 (2016) peikar på at leiing og organisering i barnehagen må setjast fokus på i tida framover. Det er dei tilsette saman med barn og foreldre som er dei viktigaste ressursane i barnehagen. Korleis blir dei menneskelege ressursane forvalta og har måten dei blir forvalta på noko å seie for motivasjonen deira? Eg har intervjua tolv tilsette gjennom fokusgruppe intervju sett saman av pedagogar, fagarbeidarar og assistentar, samt fire styrarar gjennom halvstrukturert intervju. Styrarane blir spurt om korleis dei forvaltar dei menneskelege ressursane i barnehagen. Funna mine viser at styrarane brukar mest tid på det administrative arbeidet og at personalarbeid blir nedprioritert. Styrarane nyttar i liten grad verktøy som kan hjelpe dei i organiseringa og forvaltninga av dei menneskelege ressursane.
Dei tilsette er motiverte i jobben sin og meiner at måten styrar leier på har noko å seie for motivasjonen. Likevel viser funna mine at det som er viktigast for motivasjonen er samarbeidet med dei andre på avdelingane. Mykje av personalansvaret er desentralisert ut på kvar enkelt avdeling og pedagogane har i stor grad ansvar for organisering av arbeidet og oppfølging av dei andre tilsette.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Avdeling for samfunnsfag. Institutt for samfunnsvitskap 09. juni 2017