Kunnskapsutvikling blant personalet i barnehagen, ein leiars ansvar?
Abstract
Bakgrunnen for studien er at eg gjennom min yrkespraksis som pedagogisk leiar har opplevd det utfordrande å legge til rette for læring og kunnskapsutvikling i barnehagen. Målet med studien har vore å undersøke korleis styrar og pedagogisk leiar legg til rette for læring og kunnskapsutvikling, samt danne ei djupare forståing for korleis assistentane/fagarbeidarane opplever og tek til seg læringstiltaka. Studien belyser også kva assistentane/fagarbeidarane gjer for å tileigne seg kunnskap på eiga hand.
Studien er basert på kvalitativ metode, intervjua er semistrukturerte. Deltakarane i denne studien er styrarar, pedagogiske leiarar og assistentar/fagarbeidarar med minimum to års arbeidserfaring i barnehage.
Sentralt i arbeidet for å lukkast, er involvering, refleksjon og formidling av fagkunnskap, samt å nyttegjere seg av den tause kunnskapen som assistentane/ fagarbeidarane innehar. Studien viser og at leiinga har bygd ein struktur som opnar opp for det naudsynte kunnskapsrommet, gjennom både formelle og uformelle møtearenaer.
Description
Organisasjon og utdanningsleiing. Avdeling for samfunnsfag/Institutt for samfunnsvitskap/master i organisasjon og leiing 09.06.2017