Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHansen, Adrian Solheim
dc.contributor.authorVangdal, Lars
dc.contributor.authorTombre, Tor Endre
dc.date.accessioned2017-07-07T08:47:39Z
dc.date.available2017-07-07T08:47:39Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2448161
dc.description.abstractDenne oppgåva tar for seg følgande problemstilling: "Korleis er prosedyrar og sjekklister på norske brønn- og fôrbåtar føremålstenlege for ein trygg framkomst til oppdrettsanlegg?" Norske brønn- og fôrbåtar har i takt med oppdrettsnæringa hatt ei stor auke i tonnasje dei siste 20 åra. Det kan tenkast at ein auka aktivitet og størrelse på fartøya som arbeider opp mot oppdrettsanlegga, vil auke sannsynet for ulukker i forbindelse med framkomst til oppdrettsanlegga. Fleire tilfelle med rømming av fisk frå oppdrettsanlegg er forårsaka av fartøy som opererer opp mot næringa. For å svare på problemstillinga har vi nytta djupneintervju og feltundersøking av offiserar på fire forskjellige fartøy. Vi har lagt vekt på etablerte prosedyrar og sjekklister med omsyn til:  Bruk og haldningar  Kritiske faktorar  Omarbeiding Resultata i oppgåva viser at offiserane på fartøya vi undersøkte såg på prosedyrar og sjekklister som føremålstenlege, men ingen av dei nytta sjekklister aktivt ved framkomst til oppdrettsanlegg. Nokre offiserar hevdar prosedyrane og sjekkelistene ikkje spegla røynda. I tillegg fann vi ut at fleire kritiske faktorar som til dømes vêrparameter, fortøyingskart og DP ikkje var tilstrekkeleg lagt vekt på i prosedyrane og sjekklistene. Vi har også sett at det vert nytta eit rapporteringssystem for innmelding av uønska hendingar og avvik hjå alle fartøya. Alle offiserane er positive til dette systemet, men sett i lys av eksisterande prosedyrar og sjekklister ser vi at det ikkje er blitt gjort noko forbetringar på mange år. Vi drøfta funna våre opp mot relevante tryggleiksteoriar og juridiske forhold. Vi konkluderte med at prosedyrar og sjekklister på brønn- og fôrbåtar har grunnlag for forbetringar for å ivareta tryggleiken for mannskapet og materielle verdiar.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.subjectNautikknb_NO
dc.titleProsedyrar og sjekklister om bord på norske brønn- og fôrbåtarnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel