Tabubelagt samtaleemne – seksualitet og livmorhalskreft
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2443234Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema Gjennom praksiserfaring såg vi at sjukepleiarar i møte med kreftpasientar generelt var flinke til å kommunisere, men at mange av dei unngjekk å snakke om seksualitet og seksuell helse. Vi meiner at seksualitet og seksuell helse må på dagsorden, for å heve kunnskapsnivået blant sjukepleiarar og for å gi sjukepleiaren betre kommunikasjonsverktøy i møte med kvinna og hennar seksualitet.
Problemstilling Korleis kan sjukepleiaren fremje seksualitet hos unge kvinner som er behandla for livmorhalskreft?
Framgangsmåte I denne oppgåva har vi nytta litteraturstudie som metode. Det vil seie at vi har brukt eksisterande faglitteratur og forsking på området, for å finne svar på problemstillinga vår. Vi har også nytta eigne erfaringar frå praksis.
Oppsummering av funn og konklusjon Gjennom drøfting av forsking, litteratur og eigne erfaringar frå praksis ser vi at sjukepleiarrolla i stor grad omhandlar kommunikasjon, relasjonsarbeid og informasjonsarbeid. Det er viktig å sjå den enkelte pasienten, lytte og vise omsorg. Sjukepleiar må ha kunnskap om korleis sjukdom og behandling påverkar fysiske og psykiske delar ved pasienten og korleis dette påverkar seksualitet. I fleire av våre studiar blir det rapportert mangel på informasjon og rettleiing frå sjukepleiar til pasient. Informasjonsarbeidet og rettleiinga må tilpassast den enkelte pasient sine individuelle behov.
Beskrivelse
Sk 152 Bachelor i sjukepleie