God appetitt min ven
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2442926Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema: Tema er valt på bakgrunn av behovet for kompetanseheving og bevisstgjering blant helsepersonell og fordi dei eldre er i risikogruppa for underernæring.
Problemstilling: «Korleis kan sjukepleiar førebygge underernæring hjå geriatriske pasientar?»
Framgangsmåte: For å løyse problemstillinga er det brukt litteraturstudie. Det er gjort søk i relevante databasar for å finne aktuell litteratur og forskingsartiklar. I tillegg til dette er problemstillinga sett i lys av dagsaktuelle nyhender, relevante artiklar, samt lover og retningslinjer.
Funn og konklusjon: Funna i denne studia basera seg på litteratur og forsking som allereie er kjent. For å førebygge underernæring hjå den eldre, må sjukepleiar ha kompetanse nok til å vite korleis ein kartlegg, kvifor det skal gjerast, og kunne setje i verk tiltak. Funna tilseier at personalet bør verte tilbydd undervisning om underernæring og få opplæring i korleis ein nyttar kartleggingsskjema og metodar for mål av kroppsmasseindeks. Det talar også for at sjukepleiar må verte flinkare på å inkludere pasienten, og endre måltidsrytmen for å sikre betre matinntak.
Beskrivelse
Sk 152 Bachelor i sjukepleie