Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHoel, Lars Anders
dc.contributor.authorMandelid, Mathias Brekke
dc.date.accessioned2017-02-21T13:53:33Z
dc.date.available2017-02-21T13:53:33Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2431639
dc.descriptionIdrett og Kroppsøving ID3-323 Desember, 2016nb_NO
dc.description.abstractFøremål med denne studien har vore å sjå nærmare på korleis kroppsøvingslærarar i den vidaregåande skulen vektar ulike kriterium ved vurdering av elevar i kroppsøving. Ved bruk av kvalitative semistrukturerte intervju av fire kroppsøvingslærarar som arbeider i den vidaregåande skulen, har data vorte samla inn, analysert og brukt for å ta føre oss temaet. Utgangspunktet for oppgåva var å framheve kroppsøvingslærarar sin vurderingspraksis i den vidaregåande skulen. Temaet omhandlar kva som oppfattast som problematisk ved vurdering av kriterier, kva for kriterium som vert vekta vurdering, samt kva faktorar som ligg til grunn for læraranar si vekting. Studien tek føre seg fire informantar si vekting av kriteria innsats, ferdigheit, kunnskap og fair play. Teori og læreplan for kroppsøving framhevar desse kriteria som gode hjelpemiddel for å forenkle vurderingsprosessen (Brattenborg og Engebretsen, 2013; Utdanningsdirektoratet, 2015b). Kriteria vart også framheva av informantane i studien. Sentrale funn i undersøkinga tyder på ei ulik vekting av kriteria. Kriteria vektast i ulik grad, men innsats og ferdigheit går igjen som dei to viktigaste kriteria. Til tross for ulikskapen, samsvarar deira skildring av kva som kjenneteiknar høge og låge karakterar til ein viss grad. Innsats vert framheva som ekstra viktig for dei låge karakterane, og vert vekta meir oppover enn nedover. Ferdigheit og fair play vert presisert som viktige for å oppnå ein høg karakter i kroppsøving. Kunnskap vert trekt fram som eit vektlagt kriterium, men der er usemje om kor mykje teoretisk kunnskap skal vurderast mot praktisk kunnskap. Det vert heller ikkje presisert i karakterskalaen, men ser ut til å kunne vippe karakterar opp eller ned. Andre funn under arbeidet var at tid og relasjon visste seg å ha stor tyding for vurderingsarbeidet. Det ser ut til at informantane i stor grad meiner at det ikkje er sjølve vurderinga som er vanskeleg, men påverkande faktorar. Lite tid og relasjon blir trekt fram som utfordringar for vurdering, saman med bruk av skjønn.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectKroppsøvingnb_NO
dc.subjectkroppsøvingslærerenb_NO
dc.subjectvurderingernb_NO
dc.subjectkriteriumnb_NO
dc.subjectvurderingspraksisnb_NO
dc.titleKva ligg til grunn for kroppsøvingslærarar si vurdering i vidaregåande skule? : eit kvalitativt studie om kroppsøvingslærarar si vekting av ulike kriterier.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber44nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel